- Pengespela undergrev NRK
NRK vinn kanskje sjåarar, men dei taper truverde når dei no skal ha daglege trekningar av pengespel. Det meiner fleire medieforskarar.
AV: torhild dahl
5. november lanserer Norsk Tipping pengespelet Keno, og kvar kveld etter Kveldsnytt skal NRK overføre tre minutt med nye trekningar i spelet. Med dette utvidar NRK drastisk samarbeidet med Norsk Tipping, og til saman vil NRK sende nær ein time med pengespel i veka. I tillegg kjem sendingar i Rikstoto.
No går debatten om det er rett av NRK å sende denne typen spel, som kan vere vanedannande. Ein annan og viktig del av debatten er koplinga mellom statskanalen NRK og dei statlege spelemonopola Norsk Tipping og Norsk Rikstoto.
- Kan undergrave redaksjonell fridom
- Pengespela på NRK kjem neppe inn under allmennkringkastingsprinsippa, for å seie det slik!
Det seier professor i medievitskap ved Universitetet i Bergen, Helge Østbye.
- Det er eit problem at NRK legg seg svært nær opp til kjelda. Det er kanskje ikkje vanskeleg for Dagsrevyen å ha ei kritisk haldning til TV-spel, men det kan lett bli bindingar som kan gjere det vanskelegare å ta opp slike problemstillingar. Det er heilt klart fare for at slike sendingar kan undergrave den redaksjonelle fridomen, seier Østbye.
Østbye får støtte frå kollega Jostein Gripsrud ved Universitetet i Bergen.
- Det er absolutt relevant å spørje kor tett NRK kan liggje på desse selskapa utan å miste den kritiske journalistikken av syne, seier Gripsrud.
Ti sendingar i veka
NRK har samarbeida med Norsk Tipping heilt sidan det statlege spelemonopolet vart oppretta i 1948. Den gongen vart lotteriresultata leste opp i radio under kveldsnyheitene, og heilt fram til nyare tid var trekningane ein del av Dagsrevyen på NRK TV. No har NRK skilt ut trekningane som eigne fjernsynssendingar, og fleire av sendingane får god plassering.
Kvar tysdag sender NRK spelet Extra, onsdag sender dei Vikinglotto, og laurdag sender dei Lotto- trekning. Med dei daglege trekningane av Keno kjem NRK til å ha ti sendingar i veka i samarbeid med Norsk Tipping.
Gode føremål legitimerer
Inntektene frå Norsk Tipping går inn i statskassa, og pengane går til kultur- og idrett. Desse såkalla gode føremåla er med på å legitimere at lisenskanalen brukar så mykje sendetid på pengespel, meiner Helge Østbye.
- Noreg var eit relativt puritansk samfunn rett etter krigen då Norsk Tipping vart etablert. Organisasjonen vart akseptert på grunn av at inntektene skulle gå til idrett og kultur. Det hadde nok ikkje vore mogleg på den tida å ha eit kommersielt betting-selskap som berre skulle skape profitt til eigarane. Framleis er nok Norsk Tipping meir spiseleg enn andre sidan overskotet går til allmennyttige føremål, seier han.
Kollega Jostein Gripsrud ønskjer ikkje å meine noko om dei nye Keno-sendingane, men han er oppteken av at lisenskanalen gir så stor plass til TV som ikkje har allmennyttig verdi.
- At desse programma får så stor plass i NRK er eit teikn på aukande inntektsskilnader i samfunnet. Desse spela er småfolk si trøyst når aksjemeklarane plaskar i milliardar, seier Gripsrud.
Les også
Siste fra Media
fakta
* Det 2000 år gamle kinesiske pengespelet Keno har utvikla seg til å bli eit kasinospel.
* Svensk TV har vist Keno- trekningar sidan 1992, og mange land byr på Keno i sine nasjonale lotteri.
* I Sverige har Keno-kupongen 70 nummer, og kvart spel trekkjer 20 vinnartal. Spelaren bestemmer sjølv kor mange tal han vil krysse av og kor høg innsatsen skal vere.
* NRK startar daglege sendingar med pengespelet 5. november.
KJELDER : LOTTERITILSYNET, NORSK TIPPING, DAGBLADET.NO
Relaterte bilder
SKEPTISK: Det er kanskje ikkje vanskeleg for Dagsrevyen å ha ei kritisk haldning til TV-spel, men det kan lett bli bindingar som kan gjere det vanskelegare å ta opp slike problemstillingar, seier medieprofessor Helge Østbye ved UiB. ARKIVFOTO: ØRJAN DEISZ FOTO: Bergens Tidende