- Kan ikkje fråskrive seg ansvaret
Redaksjonane har eit sjølvstendig ansvar for nettdebatten.
Les også:
Det påpeikar generalsekretær i Norsk Presseforbund, Per Edgar Kokkvold.
Han er kritisk til at redaksjonane gir frå seg kontrollen med debattforum og bloggar. Men han trur det kan fungere - så lenge redaksjonen følgjer opp med sjølvstendige kontrollrutinar.
- Eg trur det kan fungere saman med andre kontrollmekanismar. Men ein redaksjon kan aldri fråskrive seg ansvaret for rutinar som fangar opp innlegg som ikkje bør kome ut, seier Kokkvold.
Han viser til Vær Varsom-plakaten som slår fast at «Ingen uten redaksjonell myndighet kan gripe inn i redigering og presentasjon av redaksjonelt materiale».
- Så lenge redaktørar har framstilt ansvaret som ein slags søyle i sivilisasjonen, kan ein ikkje berre outsource ansvaret, seier Kokkvold.
Les også
Siste fra Media
Relaterte bilder