Svingande dikt

Horvei høgt og lågt i det poetiske registeret.

Truls Horvei
«Moods of horvei»»

«Dikt er klesklyper / på trådar i mørket», skriv Horvei ein stad i si sjette diktbok sidan debuten i 1988. Diktaren ser helst at diktet held fast noko – seg sjølv – i tidsstraumen, at det reddar augneblinkar frå å kverve av i mørket. Korleis kan ein sjå klesklypene og det som eventuelt heng på dei, viss mørket dominerer? 
Kanskje famlar orda i blinde ei stund, ein må tolmodig vente 
til morgonlyset framkallar klesklypefangsten. Det finst mange slike tankevekkjande og klingande linjer i Horveis bok. Her er livsvisdom kopla med bilete av gryande seksualitet, og ei med-viten innsikt i at mykje i livet ikkje er varig: «Et ord i forbifarten overlever / en dag, kanskje tre». Horvei er ein stillfaren poet som evnar å lyfte fram små augne-blinkar, gjere det kvardagslege litt større utan å pynte på det.

Tittelen alluderer sjølvsagt til eit norsk designarmerke, men syner kanskje også til slepande og litt cool radiomusikk. Kanskje demonstrert av den avdempa elektronikaen til musikaren Roy Ole Førland på den vedlagde cd-plata, der Horvei les opp nokre av dikta frå boka. Dikta er ikkje lause og flyktige, dei fortettar forgjengelege minnebilete, slik at stemningane faldar seg fornya og friske ut av setningane og bileta til Horvei. I dikta lurer nok mørket, men likevel er det ein innforstått eksistensiell balanse og akseptert rytme i det horveiske univers: «natta og mørket er ett / og dag og natt bytter plass / hele tida».

Det er det vestnorske kystlandskapet ein møter her, ikkje alltid i rein sanseleg form, slik som i knippet med dei velforma haikuinspirerte miniatyrane. For her opptrer også populærmusikkens ungdomsheltar: Jim Morrison, Captain Beefheart og Brian Jones. Ein treff Shakespeare i skillingsversjon, der diktaren køyrer traktor og heng opp «nye sonettar på hesjestrengene».

Horvei beherskar eit vidt lyrisk register, her er impulsar frå 
japansk haiku, surrealisme, 
beatpoetar og meir tradisjonell naturlyrikk. Men Horvei kan også krysse dei ulike impulsane, smelte dei saman i ønsket om 
å sjå tilbake på livet for å «fiske minner, kråkeboller og el-
gitarer», og hugse jentene, 
berøringane, kyssa og den første brennevinsslurk

Er du enig med vår anmelder?

Les også

Siste fra Litteraturanmeldelser

Kinesiske liv

Velskrevne noveller med mange tilbakeblikk som går ut over historienes nerve og temperatur.

Egyptiske kvinneskjebner

<b>Salwa Bakr</b> forteller historien til kvinnelige innsatte, som nesten alle er blitt kriminelle som følge av menns ugjerninger.

Relaterte bilder

Mest lest

Alexander Dale Oen er død

Den kjente svømmeren Alexander Dale Oen (26) fra Øygarden døde brått tirsdag morgen.

Denne hytten kan du få gratis!

Are Stensland gir bort denne hytten som står på Sotra. Det er bare en hake.

Gunnar ble lagt i jern ved Bybanen

Gunnar Aasbø skulle hjem fra byen, og skulle betale med KontantSkyss-kortet sitt. Vekterne nektet. Det endte med at han ble påsatt håndjern og tatt med av politiet.

Kjent bergensmusiker savnet

Per Kristian Slåttli er savnet etter at han ble borte sent mandag kveld. Han er medlem i et av Bergens mest kjente og respekterte band.

Denne sjåføren glemte noe viktig

- Da jeg fløytet på henne, vinket hun så fint tilbake, sier Anders Rolland som kjørte bak boss-spannsjåføren.

TEGNESERIER