Sterke debutantnoveller

Tekstar som dryp av eksistensiell desperasjon

Eivind Riise Hauge
««Victor Tukmakovs siste vinter»»

Sterke deby novellerNår einskilde romanar no for tida tenderer mot å vekse til mursteinar, for ikkje å seie fleirbindsverk, er det godt å lese desse fortetta og slepne novelletekstane til denne debutanten. Riise Hauge skriv realistiske noveller. Og som Askildsen dyrkar han hintets kunst, dette som gjer at lesaren berre aner konturane av den verkelege dramatikken som er på gang i tekstene.

Mykje blir fortalt gjennom tause gestar og mimikk. Og somt blir ståande som mørke og ikkje fullt ut forståtte punkt i tekstane. Teknikken når eit høgdepunkt i det som etter mi meining er samlingas beste og mest reinskorne novelle, «Myrene».

Eit ungt par strevar tydeleg med eit eller anna, på kvar sin kant, dei snakkar forbi kvarandre, men dialogen lek av eksistensiell smerte. Myrene som ligg i utkanten av det utbygde området der eg-personen luftar hunden, og der grunnen under ein i bokstavleg forstand sviktar, gneg seg inn i teksten. Ei uspesifisert uro spreier seg under ein detaljert, presist skildrande og handlande språkoverflate.

Gjennom novellene strøymer ei mørk åre av eksistensiell vonløyse og einsemd. Ein liten detalj kan brått snu ein elles kvardagsleg situasjon. I novella «Søvngjengeren» gir eit trekantforhold og smågnissinga mellom to sambuarar teksten energi og dynamikk. Medan novella «Hvem er det som ringer om natten, far» er ei tett skildring av ein heimkomen sons relasjon til ein dødssjuk og taus far.

Somme av tekstane peikar ut over novellesjangeren. I tittelnovella, ei sjakknovelle spekka med sjakkunnskap og sjakkhistorikk, syner forfattaren at han kan handsame større stoff. Han vekslar mellom to tidsplan og mellom eit biografisk riss og notidsforteljinga. Sistenovella sprengjer nærast novella med sin fragmenterte stil. I brevs form møter lesaren ein tidlegare gateprest som har tatt opphald, på ubestemt tid, i ein jordskjelvramma by der sjukdommar herjar og alt ligg i ruinar. Når den verkelege staden og tida har smuldra bort, kan heller ikkje einskap av tid og stad haldast oppe i novella.

Eg ser fram til å følgje denne forfattaren vidare.

SINDRE EKRHEIM

Enig med vår anmelder? Si din mening her.

Les også

Siste fra Litteraturanmeldelser

Kinesiske liv

Velskrevne noveller med mange tilbakeblikk som går ut over historienes nerve og temperatur.

Egyptiske kvinneskjebner

<b>Salwa Bakr</b> forteller historien til kvinnelige innsatte, som nesten alle er blitt kriminelle som følge av menns ugjerninger.

Relaterte bilder

  • Eivind Riise Hauge
  • «Victor Tukmakovs siste vinter»
  • Vigmostad & Bjørke


Mest lest

Alexander Dale Oen er død

Den kjente svømmeren Alexander Dale Oen (26) fra Øygarden døde brått tirsdag morgen.

Denne hytten kan du få gratis!

Are Stensland gir bort denne hytten som står på Sotra. Det er bare en hake.

Gunnar ble lagt i jern ved Bybanen

Gunnar Aasbø skulle hjem fra byen, og skulle betale med KontantSkyss-kortet sitt. Vekterne nektet. Det endte med at han ble påsatt håndjern og tatt med av politiet.

Kjent bergensmusiker savnet

Per Kristian Slåttli er savnet etter at han ble borte sent mandag kveld. Han er medlem i et av Bergens mest kjente og respekterte band.

Denne sjåføren glemte noe viktig

- Da jeg fløytet på henne, vinket hun så fint tilbake, sier Anders Rolland som kjørte bak boss-spannsjåføren.

TEGNESERIER