Skriftas umerkelege forskuvingar

Dikt i samling syner flikar av ei verdsåskoding

Jon Fosse
««Dikt i samling 1986-2009»»

Poesiskrivinga til Fosse har nok hamna litt i skuggen av dramatikken, trass i at det poetiske grunnleggjande er til stades også der. Fosse har gjeve ut dikt jamt og trutt, ved sida av romanprosa, essaystikk og dramatikk. Samlingane står ikkje fram som bundlar av einskilddikt, men som einskaplege syklusar, noko ein ser godt når ein les dei fem samlingane og dei ti einskilddikta i boka. På tvers av samlingane førekjem eit knippe faste bildekrinsar knytt til hav, bølgjer, stein, båten, fjorden, hund, engel, augo og vatn.

I ein så formmedviten og konsekvent forfattarskap som Fosse sin varierer ikkje skrivemåten radikalt, men endrar seg litt frå samling til samling. Debutdikta i «Engel med vatn i augene» verkar meir ekspresjonistiske enn dei seinare samlingane. Eg-et kan her stå både redd ovanfor verda, og framand ovanfor den forma redsla uttrykkjer seg gjennom, noko som gjer at skrekken så å seie fordoblar seg: «Eg skrik/Eg høyrer det er hòl i skriket/Ein gapande munn ser seg sjølv».

Tilveret blir ikkje nett meir samanhengande og dikta får heller ikkje ei meir avklåra form i dei seinare samlingane. Likevel er det som dei uttrykkjer ein merkeleg tryggleik, trass i at naturen og tinga framleis vender seg tause bort. Skrifta evnar å romme dei menneskelege motseiingane, det prosessuelle, eksistensens gåte, spalting og smerte: «(ho) finn seg/eit gammalt fotografi/der tanken/igjen kan bli bilde/rundt ei sorg ho alltid har vore». I dette diktet forskyv sorga seg mellom, og blir suksessivt inneheldt av, fotografi, tanke og bilde. Til sjuande og sist held diktet dei motstridande elementa samla, i bildet, i språket si ustabile virring.

I poesien til Fosse møter ein konkretiseringar av dei store kategoriane som livet, meininga og skrifta. Som lyrikk skriv Fosse like besettande og rytmisk som i prosaen og dramatikken. Sjølv om drivkrafta i poesien ligg i skrivehandlinga, i den fysiske, musikalske skrifta, og sjølv om forfattaren skriv nedpå og fantastisk «om det vanlege», skapar Fosse samstundes sterke bilete, dei kjennest gyldige.

SINDRE EKRHEIM

Enig med vår anmelder? Si din mening her.

Les også

Siste fra Litteraturanmeldelser

Kinesiske liv

Velskrevne noveller med mange tilbakeblikk som går ut over historienes nerve og temperatur.

Egyptiske kvinneskjebner

<b>Salwa Bakr</b> forteller historien til kvinnelige innsatte, som nesten alle er blitt kriminelle som følge av menns ugjerninger.

Relaterte bilder

  • Jon Fosse
  • «Dikt i samling 1986-2009»
  • Samlaget

Mest lest

Alexander Dale Oen er død

Den kjente svømmeren Alexander Dale Oen (26) fra Øygarden døde brått tirsdag morgen.

Denne hytten kan du få gratis!

Are Stensland gir bort denne hytten som står på Sotra. Det er bare en hake.

Kontroll over storbrannen

Skogsinfernoet på Sotra roet seg selv i natt. Men fremdeles brenner det.

Kjent bergensmusiker savnet

Per Kristian Slåttli er savnet etter at han ble borte sent mandag kveld. Han er medlem i et av Bergens mest kjente og respekterte band.

Denne sjåføren glemte noe viktig

- Da jeg fløytet på henne, vinket hun så fint tilbake, sier Anders Rolland som kjørte bak boss-spannsjåføren.

TEGNESERIER