Sanselege vibrasjonar

Nærvær og fråvær i musikalske og velforma dikt

Magne Myhra
««Med ope visir. Dikt i samling»»

Myhra debuterte i 1976 med diktsamlinga «Tusen år for ein tanke». Tittelen indikerer ein hovudtråd i Myhras poetiske verk: Kva verdi har det forgjengelege? Og kanskje kling denne impulsen også med i bokas siste dikt, der poeten prøver å sameine «det uendeleg vesle / i det uendeleg store».

«Dikt i samling» inneheld dikt frå dei fire samlingane til Myhra pluss nokre nyskrivne tekstar. Poeten Myhra beherskar til fingerspissane ulike moderne former, men her er òg rima dikt og eit knippe klassiske sonettar av ypparste merke. Han skriv kontant, velforma, tilslipt. Her er ikkje overflødige ord, og dei som står der, er prega av djup musikalitet.

Det renn fleire trådar i desse dikta. I nokre er mytar frå antikken, historiske hendingar og bibelske motiv omdreiingspunkt. Andre dikt er merka av stort sosialt engasjement. Kanskje kan éi linje seie noko om poetens vedvarande drivkraft: «kjende eg harmen i blodet / brenna til hard trass / som aldri / har sleppt meg». Ein harme vekt av urettvisa, anten ho har skjedd i historia eller skjer i samtida.

Ein unngår ikkje den mørke grunntonen i Myhras lyriske univers, han karakteriserer seg sjølv i titteldiktet som ein klagesongar. Støtt finn ein påminning om dei påtrengande eksistensrealitetane, slik som til dømes her, der skrifta og arket ikkje blir til leselege ord, men ytre teikn på skrivarens fråver: «eg ser / på dei bleike / bokstavane / arket / eit likklede».

Men mørkret er kopla mot ein annan puls, for Myhra har òg eit sanseleg og vart poetisk blikk som fornyar trea, omgjevnadene, utsynet eller ei einsleg issoleie. Og Myhra kan vere pregnant som ein aforismeskrivar: «Det er / Gud / som har skapt / sola / men / det er / ikkje / synd / å sitja i skuggen».

Om lag slik ein musikalsk tone vibrerer og svingar, blir diktar-eget hos Myhra konstituert. Denne svingande uroa blir til eit livs- og erkjenningsprinsipp, men også formprinsipp, ein poetikk som diktaren også sansar ute i verda: «Eit ospelauv har runda av si form / når det i stadig uro står og skjelv». Det er denne vibreringa som synest vere mål både for mennesket hos og diktinga til Myhra.

SINDRE EKRHEIM

Enig med vår anmelder? Si din mening her.

Les også

Siste fra Litteraturanmeldelser

Kinesiske liv

Velskrevne noveller med mange tilbakeblikk som går ut over historienes nerve og temperatur.

Egyptiske kvinneskjebner

<b>Salwa Bakr</b> forteller historien til kvinnelige innsatte, som nesten alle er blitt kriminelle som følge av menns ugjerninger.

Relaterte bilder

  • Magne Myhra
  • «Med ope visir. Dikt i samling»
  • Voss 2010

Mest lest

Alexander Dale Oen er død

Den kjente svømmeren Alexander Dale Oen (26) fra Øygarden døde brått tirsdag morgen.

Denne hytten kan du få gratis!

Are Stensland gir bort denne hytten som står på Sotra. Det er bare en hake.

Gunnar ble lagt i jern ved Bybanen

Gunnar Aasbø skulle hjem fra byen, og skulle betale med KontantSkyss-kortet sitt. Vekterne nektet. Det endte med at han ble påsatt håndjern og tatt med av politiet.

Kjent bergensmusiker savnet

Per Kristian Slåttli er savnet etter at han ble borte sent mandag kveld. Han er medlem i et av Bergens mest kjente og respekterte band.

Denne sjåføren glemte noe viktig

- Da jeg fløytet på henne, vinket hun så fint tilbake, sier Anders Rolland som kjørte bak boss-spannsjåføren.

TEGNESERIER