Poesi med sprengkraft

Stram og mangfaldig

Erling Kittelsen
««Diktet løper som en by»»

Kittelsen har laga eit stort, ope og fascinerande poetisk byggverk, merka av poetens spesielle språklege handlag. Utgangspunktet er ei åttelinje strofe, som det, med eitt unntak, finst 266 av, alle nummererte. Dikta spring fram frå ulike verdshjørne og geografiske stader. Sju av dei ni delane i boka ber namn på verdsdelar, kontinent og byar: Norden, Europa, Kaukasus, Afrika, Kairo, Mexico og Kina. Strofene ber i seg restar av gamle nordiske skaldeformer, særleg allitterasjon og stavrim. På sin veg kringom tek dikta opp i seg stadbundne variantar. Kaukasusdelen endar alle dikta med eit slags refreng, eit sams sisteord, typisk for ei persisk strofeform.

Dei strengt rektangulært utsjåande dikta er ikkje slutta einingar, dei held fram i andre dikt ved at ord, motiv og figurar blir gjentatt. Slik blir dikta gjennomhola og opna mot kvarandre. Afrika-dikta har grafiske bresjar og hol i diktlinjene. Samstundes avgrensar dikta - slik som byen - stader i rommet, i det tomme.

Sett under eitt skapar «Diktet løper som en by» ein særeigen vev mellom verdsdelar, og mytologisk og historisk stoff blandar seg i det samtidige. I eit dikt beståande av mytologisk lada ord, kan orda «pensjonerte terrorister» uforvarande opptre. Reisa inneber perspektivfordreiing, ein ser frå andre stader enn frå plassen makta vil ein skal sjå frå: «Fra en eike i et hjul / så jeg vogna steile.». Sjølv om Kittelsen ofte sjølvpunkterar det poetiske, skaper han linjer med innsikt og stor tvisynt kraft: «finne motstand for sin flamme / i en mørk og bunnløs bergart / løper inn på gras og urt / over havet i et skall.»

Hos Kittelsen blir diktinga til ei eiga forståingsform. Opphavs- og skapingsmytane er i seg sjølve uttrykk for makt og vilje til å forstå samanhengar. Kittelsen ser, så vanskeleg det kan høyrast ut, samtidsmytane med eit mytisk blikk. Dikta blir aldri eintydige, dei spaltar seg, er i rørsle. Djupast sett rokkar dei ved falske stabilitetar som ideologiar og religiøse system søkjer å etablere. Her snakkar myte med verd og notid med historia, kulturar og kontinent. Makta og valden syner seg. Men også overlevingsevna. Kittelsen er ein diktar i vår tid. For vår tid.

SINDRE EKRHEIM

Enig med vår anmelder? Si din mening her.

Les også

Siste fra Litteraturanmeldelser

Kinesiske liv

Velskrevne noveller med mange tilbakeblikk som går ut over historienes nerve og temperatur.

Egyptiske kvinneskjebner

<b>Salwa Bakr</b> forteller historien til kvinnelige innsatte, som nesten alle er blitt kriminelle som følge av menns ugjerninger.

Relaterte bilder

  • Erling Kittelsen
  • «Diktet løper som en by»
  • Aschehoug

Mest lest

Alexander Dale Oen er død

Den kjente svømmeren Alexander Dale Oen (26) fra Øygarden døde brått tirsdag morgen.

Denne hytten kan du få gratis!

Are Stensland gir bort denne hytten som står på Sotra. Det er bare en hake.

Gunnar ble lagt i jern ved Bybanen

Gunnar Aasbø skulle hjem fra byen, og skulle betale med KontantSkyss-kortet sitt. Vekterne nektet. Det endte med at han ble påsatt håndjern og tatt med av politiet.

Kjent bergensmusiker savnet

Per Kristian Slåttli er savnet etter at han ble borte sent mandag kveld. Han er medlem i et av Bergens mest kjente og respekterte band.

Denne sjåføren glemte noe viktig

- Da jeg fløytet på henne, vinket hun så fint tilbake, sier Anders Rolland som kjørte bak boss-spannsjåføren.

TEGNESERIER