Pedagogisk skjønnlitteratur

Ein god innfallsport til eit historisk stoff som boka sjølv manglar.

Ole Røsholdt/Trond Bredesen (ill.)
««Tjuvar, drapsmenn, bønder og kongar - ei fagbok om Gulatinget»»

«Tjuvar, drapsmenn, bønder og kongar - ei fagbok om Gulatinget» er ein del av Tusenårsstaden Gulatinget sitt formidlingsprosjekt, og den er retta mot sjette og sjuande trinnet. Forfattaren Ole Røsholdt har skrive ei rekke historiske ungdomsromanar sidan debuten i 1988, og han skriv lett og naturleg om livet til vestlandske ungdomar på 900-talet. Trond Bredesen har også arbeidd med anna historisk stoff, og sjølv om illustrasjonane hans har ein rufsete teikneseriestil, er dei både detaljerte og historisk korrekte.

Størstedelen av boka er ei klassisk danningshistorie fortald av trettenåringen Arne frå Grønstad. Først ter Arne seg som ein «vitlaus tosk utan ære» då han stel kniven til nabosonen og legg skulda på trælen Hallstein. Gjennom fleire dramatiske hendingar - trælpisking, tingferd, forelsking, overfall, drap, vitning og kongeval - blir Arne sikrare på seg sjølv, sin eigen etikk og eigne framtidsutsikter, og til slutt maktar han å be Hallstein om tilgiving. Røsholdt har laga ein handlingsgang som tydeleg syner korleis lova greip inn i folk sitt kvardagsliv og styrte mykje av det samkvemmet dei hadde med kvarandre. Slik sett fungerer forteljinga godt som innfallsport til undervisninga i ein historietime, eller som inspirasjon til å lese meir om vikinghistorie og norske tingstadar.

Men boka i seg sjølv gir ikkje eit breitt eller informativt bilete av Gulatinget som historisk institusjon. Det som finst av fagstoff er komprimert ned til eit tosiders forord, samt sytten sider bak i boka med kart og nokre utdjupande forklaringar. I tillegg blir Gulatingslagen sitert i slutten av einskilde kapittel. Det er elles berre gjennom format og grafisk utforming at utgivinga signaliserer fagbok. Det hjelper sjølvsagt at forlaget supplerer boka med ei lærarrettleiing, men den faglitterære innramminga er ikkje tilstrekkeleg til å forsvare undertittelen «ei fagbok om Gulatinget». Forteljinga om Arne er egna til pedagogisk bruk, men den er først og fremst historisk korrekt skjønnlitteratur.

PETRA J. HELGESEN

Enig med vår anmelder? Si din mening her.

Les også

Siste fra Litteraturanmeldelser

Kinesiske liv

Velskrevne noveller med mange tilbakeblikk som går ut over historienes nerve og temperatur.

Egyptiske kvinneskjebner

<b>Salwa Bakr</b> forteller historien til kvinnelige innsatte, som nesten alle er blitt kriminelle som følge av menns ugjerninger.

Relaterte bilder

  • Ole Røsholdt/Trond Bredesen (ill.)
  • «Tjuvar, drapsmenn, bønder og kongar - ei fagbok om Gulatinget»
  • Mangschou Forlag

Mest lest

Alexander Dale Oen er død

Den kjente svømmeren Alexander Dale Oen (26) fra Øygarden døde brått tirsdag morgen.

Denne hytten kan du få gratis!

Are Stensland gir bort denne hytten som står på Sotra. Det er bare en hake.

Kontroll over storbrannen

Skogsinfernoet på Sotra roet seg selv i natt. Men fremdeles brenner det.

Kjent bergensmusiker savnet

Per Kristian Slåttli er savnet etter at han ble borte sent mandag kveld. Han er medlem i et av Bergens mest kjente og respekterte band.

Denne sjåføren glemte noe viktig

- Da jeg fløytet på henne, vinket hun så fint tilbake, sier Anders Rolland som kjørte bak boss-spannsjåføren.

TEGNESERIER