Når alt skal med

Svein Børge Hoftun
««Full pott i hjerter»»

Medrivande om jakta på ein far, men ikkje alltid like realistisk

Det er bånn gass frå første sekund. Jon kjem heim frå skulen og er desperat etter å finne mora. Veslebroren hans er teken i ølnasking, og no vil sosiallæraren ha eit ord med henne. Men ho er som vanleg ute på eigne eventyr, denne gongen i Malmö med ein dansebandbassist som Jon ikkje kan fordra. Han tek eit val: Jon og veslebroren rømmer frå skulen og barnevernet og stikk til Sauda for å leite etter faren som dei aldri har møtt før.

Mykje bannskap særmerkjer språket til sekstenårige Jon som er eit virvar av sårheit, famling og ansvarskjensle. På leit etter faren viklar dei seg inn i ei spennande kriminalgåte som gjer at dei kjem i kontakt med lugubre miljø i Bergen og seinare København. Her byrjar brikkene å falle på plass, og Jon forelskar seg dessutan i dansken Erik.

At hovudkarakteren oppdagar at han er homofil, blir det ikkje brukt mykje plass på i forteljinga. Viktigare tema i boka er også det fine tilhøvet mellom brørne, og kor viktig det er å ta grep om sitt eige liv.

Men forfattaren har litt vel mykje på hjartet i denne romanen. Tema som omsorgssvikt, rus, homofili og ADHD kjem i tillegg til mordgåta, og det kan gå litt fort i svingane. Den nynorske Sauda-nostalgien er også kommen med. Når bestemora i Sauda skal skildra sonen sin til barnebarnet, seier ho at han var like musikalsk som Bjørn (Eidsvåg) og like flink i språk som Kjartan (Fløgstad). Ikkje umogeleg at forfattaren er ironisk her, men det blir ikkje opplevd som spesielt morosamt.

Ein konsekvens av at romanen skal romme «alt», er at den inneheld ein del logiske brester. Bestemora godtek med ein gong at Jon er sonesonen, og gir han odelsretten på strak arm. Personar som brødreparet treng for å komme vidare i forsvinningssaka, dukkar opp som perler på ei snor, og aldri om politiet får fatt i dei sjølv om dei er ettersøkte med bilete i alle aviser. I tillegg er måten Jon blir redda frå kidnapparane på svært lite realistisk og ein skandinavisk feelgoodfilm verdig. Ein skokk med drosjebilar jagar den eine kidnapparen heilt til Jon får gå...

KRISTINE ISAKSEN

Enig med vår anmelder? Si din mening her.

Les også

Siste fra Litteraturanmeldelser

Kinesiske liv

Velskrevne noveller med mange tilbakeblikk som går ut over historienes nerve og temperatur.

Egyptiske kvinneskjebner

<b>Salwa Bakr</b> forteller historien til kvinnelige innsatte, som nesten alle er blitt kriminelle som følge av menns ugjerninger.

Relaterte bilder

Svein Børge Hoftun
«Full pott i hjerter»
Det Norske Samlaget

Mest lest

TEGNESERIER