Millennium-medaljens bakside

Bittert og uforsonleg om moral og millionar

Eva Gabrielsson/Marie Françoise Colombani
««Millennium, Stieg og jeg»»

At det står strid omkring den litterære og økonomiske arven etter Stieg Larsson, er velkjent. Forfattaren sjølv fekk aldri oppleve den største salssuksessen i svensk bokhistorie, og for sambuaren hans gjennom 30 år er livet blitt ein bitter kamp om råderetten over det han skapte.

«Millennium, Stieg og jeg» er Eva Gabrielssons forteljing om samlivet og samarbeidet med Stieg Larsson, eit partsinnlegg prega av sorg og harme. Ho fortel om både sitt eige og hans liv, om ungdomsforelskinga som blei til varig kjærleik, om politisk engasjement og slitesterk idealisme. Viktige stikkord er antirasisme, feminisme og kamp mot undertrykking.

Engasjementet sitt tok Larsson med seg inn i Millennium-bøkene, og Eva Gabrielsson var ingen passiv tilskodar. Samlivet deira var også ein arbeidsfellesskap. Det finst mange detaljar i bøkene som byggjer på hennar erfaringar, og medan han skreiv, var ho heile tida ein kritisk og konstruktiv lesar. Med dette som bakteppe forstår vi betre reaksjonane hennar når ho ikkje berre misser mannen ho har levd med i 30 år, men, fordi dei ikkje var gifte, også kontrollen over livsverket hans. Slik ho ser det er det moralsk forkasteleg at andre skal forvalte arven etter Stieg Larsson. Ho er redd for kommersialiseringa, for «Millennium-industrien». Dei mange millionane bryr henne mindre. Mykje av overskotet ville ho i alle fall ha gitt til ideelle føremål.

Eva Gabrielsson er ikkje redd for å syne oss raseriet sitt, kan hende gjer ho det i for stor grad. Som når ho fortel at ho på nyttårsaftan samla gode vener og las opp eit niddikt i norrøn tradisjon for alle som ikkje hadde gitt henne den støtta ho meiner ho fortente. Det fungerer nok som terapi, men ho kjem farleg nær å gjere seg til martyr, i tillegg til å vise seg som uforsonleg og utan forståing for andre synspunkt enn sine eigne. I skildringa av konflikten med familien Larsson tillegg ho far og bror temmeleg tvilsame motiv, og her blir ho til tider mest pinleg privat. Det spørst om det tener saka hennar.

AUDUN SJØSTRAND

Enig med vår anmelder? Si din mening her.

Les også

Siste fra Litteraturanmeldelser

Kinesiske liv

Velskrevne noveller med mange tilbakeblikk som går ut over historienes nerve og temperatur.

Egyptiske kvinneskjebner

<b>Salwa Bakr</b> forteller historien til kvinnelige innsatte, som nesten alle er blitt kriminelle som følge av menns ugjerninger.

Relaterte bilder

  • Eva Gabrielsson/Marie Françoise Colombani
  • «Millennium, Stieg og jeg»
  • Omsett av Kjell Olaf Jensen Aschehoug

Mest lest

Alexander Dale Oen er død

Den kjente svømmeren Alexander Dale Oen (26) fra Øygarden døde brått tirsdag morgen.

Denne hytten kan du få gratis!

Are Stensland gir bort denne hytten som står på Sotra. Det er bare en hake.

Gunnar ble lagt i jern ved Bybanen

Gunnar Aasbø skulle hjem fra byen, og skulle betale med KontantSkyss-kortet sitt. Vekterne nektet. Det endte med at han ble påsatt håndjern og tatt med av politiet.

Kjent bergensmusiker savnet

Per Kristian Slåttli er savnet etter at han ble borte sent mandag kveld. Han er medlem i et av Bergens mest kjente og respekterte band.

Denne sjåføren glemte noe viktig

- Da jeg fløytet på henne, vinket hun så fint tilbake, sier Anders Rolland som kjørte bak boss-spannsjåføren.

TEGNESERIER