Lys levande historie

Elegant og spennande om politisk og personleg makt på 1200-talet

Tore Skeie
««Alv Erlingsson - fortellingen om en adelsmanns undergang»»

Med denne boka vann historikaren Tore Skeie Spartacus forlag sin historiekonkurranse. Det verkar vel fortent, for han har skrive ei grundig og samtidig lettlesen bok som bør nå fleire enn dei spesielt interesserte.

Omtrentleg sagt begynner Skeie der Ibsen sluttar, midt på 1200-talet, i tida omkring striden mellom Håkon Håkonsson og Hertug Skule. Alv Erlingsson er lendmannssonen og aristokraten som ikkje berre blir ein baron blant fleire, men får tittelen jarl. Meir makt ligg hos han enn hos nokon andre utanom kongeslekta. Han tener reformatoren Magnus Lagabøtar, men toppen av maktpyramiden når han under den neste kongen, Eirik Magnusson. Kongen sjølv er berre barnet og dertil en veik person. Den som styrer er mor hans, enkedronninga Ingeborg. Alv blir sentral i konfliktane mellom Noreg og Tyskland, og mellom Noreg og Danmark. Han fremjar kongen sine interesser, men også sine eigne. Han er politikar, men også «een mektig siorøwer». Når kong Eirik blir erstatta av den meir handlekraftige broren Håkon, begynner det å brenne under føtene på Alv. Han er ein uredd krigar, men kanskje ikkje ein politisk balansekunstnar.

Forfattaren sitt utgangspunkt er historia om ein vi veit var mektig, men som etterlet seg få sikre spor. Desto meir freistande kunne det vere å spekulere omkring motiva hans, men den fella går ikkje Skeie i. Vi kjenner oss heile tida i selskap med ein etterretteleg historikar som skil klårt mellom det kjeldene opplyser og det som må bli gissingar.

Skeies språk er ledig, variert og stilsikkert. Ikkje minst ser vi dette i dei fine skildringane av korleis mellomaldermenneska levde, og av kreftene som styrte dei. I tillegg er dette ei bok med ei effektiv dramatiske oppbygging. Korleis hovudpersonen endar sine dagar, blir tidleg avslørt, men det tek ikkje bort spenninga knytt til Alvs vekst og fall.

I innleiinga skriv forfattaren at arbeidet har vore som å setje saman eit puslespel der dei fleste brikkene manglar. Like fullt er resultatet blitt eit fascinerande bilete.

AUDUN SJØSTRAND

Enig med vår anmelder? Si din mening her.

Les også

Siste fra Litteraturanmeldelser

Kinesiske liv

Velskrevne noveller med mange tilbakeblikk som går ut over historienes nerve og temperatur.

Egyptiske kvinneskjebner

<b>Salwa Bakr</b> forteller historien til kvinnelige innsatte, som nesten alle er blitt kriminelle som følge av menns ugjerninger.

Relaterte bilder

  • Tore Skeie
  • «Alv Erlingsson - fortellingen om en adelsmanns undergang»
  • Spartacus Forlag

Mest lest

TEGNESERIER