Lyriske språkskjelv

Naturpoesi med intense og sanseskjerpande bilete

Kjartan Hatløy
«
«Fjord»
»

Det er ikkje dei store abstrakte drama som er på gong i desse dikta, men små konkrete naturforandringar som i Hatløys særeigne språk sender skjelv inn i lesaren. Uhyre konsentrerte, men likevel luftige bilete av fjordnatur vert teikna opp i poetens dikt. Naturen er ikkje berre ramme, men sjølve det rørlege senteret i desse tekstane. Lydar, lysets sjatteringar, dyr og sanseinntrykk trer inn i dikta, om enn dei «talar utan ord», så får dei rom og plass. Her opptrer ørn, tjeldar, spekkhoggarar, ramnar, hegrar, oter, men også ein pappa og ein bestefar. Slik vert desse tekstane, som krinsar om det ytre landskapet, omslutta av ein menneskeleg horisont: «lyden av fjordbotnen kjem og vil røre ved foten min.» Likevel vert ikkje naturregistreringane reduserte til indre psykologiske landskap, men naturen står fram som noko fast, som eg-et erfarer og brynar erfaringane sine på.

Feiringa av og gleda over tilverets mangfelte naturavskyggingar tyt fram gjennom dei nøkterne og lågmælte poetiske mikroskoperingane. Det er kanskje ein klisjé, men hos Hatløy kjem det store til syne i det vesle, slik den vesle bylgja hektar seg på dei andre små, og veks ettersom dei rullar fram. Men tonen er heile tida avdempa og balansert; merksemda er skjerpa, intens og kvass.

Det er ein stendig dynamikk mellom det faste, berget og fjellet, og det flytande og rørlege, bekken og fjordvatnet. Ein liknande vekselverknad finn stad mellom den ytre natur og eg-et, og saman skapar desse kreftene staden. Bylgjene grev seg inn, holar ut, på så mange vis, men ein gjev noko att, ein kvittar seg med noko, fyllar i, som her kor eit nærast heilag ritual finn stad: «I den (steinblokka) finst ei lita rund grop i handhøgd. Eg stod / lenge ved den ein gong, eg hadde kusymre med, la dei i gropa. / Lenge skolv dei i brisen, dei var ikkje mine lenger.»

Lyrikk er noko meir enn utsegner framlagde i analyse og dikttolking, det er også eit eksistensielt arbeid der livet møter diktets strengleik og rytme. Hatløys fjorddikt siktar seg inn mot eit språk der røynda talar og svingar i lesaren. Det er flott og stimulerande tale.

Les også

Siste fra Litteraturanmeldelser

Kinesiske liv

Velskrevne noveller med mange tilbakeblikk som går ut over historienes nerve og temperatur.

Egyptiske kvinneskjebner

<b>Salwa Bakr</b> forteller historien til kvinnelige innsatte, som nesten alle er blitt kriminelle som følge av menns ugjerninger.

Relaterte bilder

Mest lest

Alexander Dale Oen er død

Den kjente svømmeren Alexander Dale Oen (26) fra Øygarden døde brått tirsdag morgen.

Denne hytten kan du få gratis!

Are Stensland gir bort denne hytten som står på Sotra. Det er bare en hake.

Gunnar ble lagt i jern ved Bybanen

Gunnar Aasbø skulle hjem fra byen, og skulle betale med KontantSkyss-kortet sitt. Vekterne nektet. Det endte med at han ble påsatt håndjern og tatt med av politiet.

Kjent bergensmusiker savnet

Per Kristian Slåttli er savnet etter at han ble borte sent mandag kveld. Han er medlem i et av Bergens mest kjente og respekterte band.

Denne sjåføren glemte noe viktig

- Da jeg fløytet på henne, vinket hun så fint tilbake, sier Anders Rolland som kjørte bak boss-spannsjåføren.

TEGNESERIER