Kreativ dyrekrim

Detektivhistorie for litt uklar målgruppe

Roald Kaldestad og Ella K. Okstad (ill.)
««Heavykatten og gitaren»»

Ein freakete katt som speler heavygitar, ei jålete mus som heller vil spele disko på synth'en og eit tenksamt og poetisk piggsvin på trommer. Dette dyrebandet minner ikkje så lite om tenåringar av den uforlikelege sorten, og dannar eit framifrå persongalleri for fellesprosjekt med komplikasjonar. I denne fjerde boka er det Heavykatten som ofrar fellesskapen i bandet for å satse solo mot ein stor gitarkonkurranse, men ein grufull gitartjuv er på ferde.

Når ein musikar gir ut bok om eit dyreband, vekkjer det naturleg nok meir merksemd enn om forfattaren bak var ein som nøgde seg med å syngje i dusjen. Men ein skal heller ikkje gløyme at dei to første bøkene om Heavykatten og co. har vore opplese i Barnetimen. Likevel er det lite ved utlånstala til biblioteka som tyder på at denne fjerdeboka er kome til etter ønske frå lesarane. Kan hende er det meir eit resultat av kor gøy forfattaren og illustratøren har det med prosjektet? Her manglar ikkje kreative påfunn: Som sylfersk detektiv hoppar Pinnsvinet Phillip i filttøflane og legg seg på lur med fiskestong og skateboard. Då gitartjuven stikk av garde på sykkel, hukar han fiskekroken fast i bagasjebrettet, stiller seg på skatebordet og heng seg på. Slike Donald Duck-aktige påfunn er supplert av artig språkleik: Studentbandet «Hybelkaninene» speler til oppvarming før gitarkonkurransen på Havnekroa, ifølgje plakatteksten til «kr 49,90 pr. snute».

Kreativt overskot kan likevel ikkje dekkje over eit grunnleggjande problem i denne serien. Rett nok er konflikten mellom sossar og freakar frå førsteboka tona ned, men framleis er det mykje som krev nokså modne lesarar. Krimplottet er passeleg komplisert for ein sjetteklassing, og detektivhistoria presenterer overvakingskamera, walkietalkiear og lydprøver som noko sjølvsagt. Det står litt i mishøve til barnslege, Donald-aktige påfunn og dei særs naive illustrasjonane til Okstad. Mest er nok dette ei bok for dei som framleis helst vil bli lesne for, men der ein musikkglad høgtlesar veit å kome med ei og anna forklaring undervegs.

GURI FJELDBERG

Enig med vår anmelder? Si din mening her.

Les også

Siste fra Litteraturanmeldelser

Kinesiske liv

Velskrevne noveller med mange tilbakeblikk som går ut over historienes nerve og temperatur.

Egyptiske kvinneskjebner

<b>Salwa Bakr</b> forteller historien til kvinnelige innsatte, som nesten alle er blitt kriminelle som følge av menns ugjerninger.

Relaterte bilder

  • Roald Kaldestad
  • Ella K. Okstad (ill.)
  • «Heavykatten og gitaren»
  • Cappelen Damm

Mest lest

Alexander Dale Oen er død

Den kjente svømmeren Alexander Dale Oen (26) fra Øygarden døde brått tirsdag morgen.

Denne hytten kan du få gratis!

Are Stensland gir bort denne hytten som står på Sotra. Det er bare en hake.

Gunnar ble lagt i jern ved Bybanen

Gunnar Aasbø skulle hjem fra byen, og skulle betale med KontantSkyss-kortet sitt. Vekterne nektet. Det endte med at han ble påsatt håndjern og tatt med av politiet.

Kjent bergensmusiker savnet

Per Kristian Slåttli er savnet etter at han ble borte sent mandag kveld. Han er medlem i et av Bergens mest kjente og respekterte band.

Denne sjåføren glemte noe viktig

- Da jeg fløytet på henne, vinket hun så fint tilbake, sier Anders Rolland som kjørte bak boss-spannsjåføren.

TEGNESERIER