Kaldt og godt
Stilsikker debut
AV: leif gullstein
Poetane skrik ikkje høgast i bokhausten. Men det er dei lågmælte ein skal lyde til. Slik er det med diktdebutant Sindre Ekrheim. Med «Sjøen hugsar ingen barndom» viser han originalitet som gir von for framtida. Dette er ikkje lyrisk actionpainting etter innfallsmetoden. Kvart ord, kvart bilete er saumfare av debutantens - og den røynde bokmeldarens - poetiske superego.
Dikta er skrivne i eit etter måten konvensjonelt modernistisk formspråk med frie vers og rik besjelingsmetaforikk. Det som skil dei frå mykje anna er at subjektet held seg sjølv utanfor. Her finst aldri noko tydeleg eg. Poeten er som ein forskar som veit at det han ser alltid er farga av hans eige blikk, men som likevel freistar å halde subjektet utanfor perspektivet. Og når subjektet stundom dukkar opp, er det objektivert som eit du. Som i strofa som tittelen er henta frå: «Sjøen hugsar ingen barndom / i kulpen ovanfor steinane der du / leika naken i svart smeltevatn».
Ekrheim er fødd i 1967 og her finst fleire stader ein generasjonstypisk skrifttematikk. Fuglehimmelen kan bli «svart av punktum / i formasjon» og «setningane snodde seg / langs kysten». Slike dikt kan bli introverte og liksom ventande på litteraturvitaren som skal fullende dei med sine estetiske teoriar. Men Ekrheim er for mykje av ein romantikar til å vere ein forseinka nittitalsdebutant, til dømes i ein hemningslaus bruk av fuglen som metafor for poeten sjølv: «Mot kveld glir fugl langs bergveggen, ned i djupet».
Det er ein berande tematikk at poesien allereie finst omkring oss, innskriven i landskapet, og at det er poeten si oppgåve å stenografere dette med sine språkteikn. Etter at boka er ferdig «er arket kvitt», som i eit dikt av Hans-Jørgen Nielsen eller den unge Jan Erik Vold: «Ei snømark / utan fuglar breier seg / ut i ein ny / vinter.»
Dei som set pris på rein poesi bør unne seg Ekrheims poetiske samlag. Sjølv vonar eg han kan sleppe til det ureine i noko rikare mon. Som når den kliniske observasjonen av ein unge på sykkel brått blir broten av «Bulken i / sykkelskjermen [som] lagar skrapelyd». Meir ulyd og mindre kontroll ville gjere dette til eit varmare univers. Og det ville gjere Ekrheim til ein meir utettervend og - etter mitt syn - endå betre poet.
HEMING GUJORD
Enig med vår anmelder? Si din mening her.
Les også
Siste fra Litteraturanmeldelser
-
«Livets uromantiske sider»
1 2 3 4 5 6Komisk og rørende om vekten av en familiehistorie -
«Påkosta eventyr»
1 2 3 4 5 6Tom Cruise reddar verda. Igjen. -
«Danser med delfiner»
1 2 3 4 5 6Velmenende om å takle funksjonshemning -
«Jakta på offeret»
1 2 3 4 5 6Ei ubehageleg reise ned i det svenske landskapet sine fordommar -
«En maktdemonstrasjon»
1 2 3 4 5 6Rikt portrett av en av USAs mektigste og mest omstridte menn
-
«Fredagskos med Larsen»
1 2 3 4 5 6Litt for pent og tekkelig i store doser -
«Visdomsviser»
1 2 3 4 5 6Cohen er blitt gammel og legger heldigvis ikke skjul på det -
«De beste hilsener»
1 2 3 4 5 6Mer enn et rart drops i en kommode. -
«Tilbake på trass»
1 2 3 4 5 6Skuffende gjenfødsel -
«Små bevegelser»
1 2 3 4 5 6Japansk tradisjon møter vestlig minimalisme
-
«Gripende øyevitneskildringer»
Far og datter Sønstelie gir en mangefasettert skildring av massakren på Utøya. -
«Rapport fra helvete»
-
«Det litterære Norge responderer»
Med varierende kraft om den verste ugjerningen i Norge siden krigen. -
«Kinesiske liv»
Velskrevne noveller med mange tilbakeblikk som går ut over historienes nerve og temperatur. -
«I lyriske omland»
Gleden ved å finne, gjendikte og dele.
-
«Stillferdig og hjemmekoselig»
1 2 3 4 5 6Pent, vakkert og nesten litt kjedelig. -
«Magnet er trygt tilbake»
1 2 3 4 5 6En glitrende oppvisning som hadde fortjent et større publikum. -
«Kurt koser julen inn»
1 2 3 4 5 6En trivelig førjulsstund med en smak av Hollywood. -
«Grenseløs kosmisk hippiecountry»
1 2 3 4 5 6Psykedelisk dronegitar med countrysmak. -
«Bursdag for fulle hus»
1 2 3 4 5 6Trivelig bursdagsfeiring, men kanskje litt for stivt og høytidelig.
-
«Kulturelt oljesøl»
Med enkle virkemidler får Amund Sjølie Sveen frem få, men viktige poeng om hva slags land Norge er. -
«Sædutleverende samtale-show»
1 2 3 4 5 6Når man begynner å bli for gammel til å skade seg selv, er det nok lettere å bare snakke om det. -
«Velkjent og velfungerende»
1 2 3 4 5 6Et godt proporsjonert show med mange høydepunkter, men også til tider litt for tradisjonelt. -
«- Ka? E d virkelig ingenting?»
De fem elleveåringene foran meg forsto lite da vakten kom og sa showet var slutt. -
«Bygdedyr uten skarpe tenner»
1 2 3 4 5 6Hele tiden langt innenfor streken
- Sindre Ekrheim
- «Sjøen hugsar ingen barndom»
- Samlaget


