Heilt grei oppfølgjar
Kvaliteten er høgare enn sist, men variasjonen er mindre.
AV: leif gullstein
Den tjukke «Eventyrboka» frå Skald forlag er oppfølgjar til «Godnattboka» frå 2007. For to år sidan gav forlaget oss toogtjue godnattforteljingar, denne gongen har nitten kjende og mindre kjende forfattarar fått i oppdrag å skrive eventyr.
«Godnattboka» hadde ei stor svakheit: Alle forteljingane skulle på eit eller anna vis vere knytt til natt eller søvn, og resultatet blei keisamt å lese i samanheng. Denne svakheita blir forsterka i «Eventyrboka». Lesaren går fort lei av tretal, kongelege og seljefløyter. Likskapen mellom forteljingane i den førre samlinga var berre motivisk, medan sjanger, stiltone og tematikk varierte. I «Eventyrboka» liknar dei nitten forteljingane kvarandre også på desse punkta. Nesten utan unntak har forfattarane valt seg under-eventyra som førebilete, og ein må leite lenge etter spenstige vriar på det kjende skjemaet med hindringar og hjelparar.
Dermed blir det Gunvor Rasmussens illustrasjonar som står for både breidda og den raude tråden. Sjølv om streken og teknikken er den same gjennom heile boka, har ho skapt eit eige univers for kvar tekst. Prinsessene og eventyrarane er alt frå robotar og dataspelfigurar til japanarar og vikingar.
Når den tekstlege variasjonen blir liten, er det først og fremst forlaget si skuld. Samstundes har mange av forfattarane valt lettvinte og tradisjonelle løysingar. Eit heiderleg unntak er «Kokken fra Calabria» av Katrine Sele - ei fantastisk forteljing om matglede og livslyst - og bidraga til Ingelin Røssland, Solfrid Sivertsen og Stein Erik Lunde skil seg positivt ut.
Positivt er det også at dei logiske brestane og haltande sluttane som førre boka hadde ein del av, ikkje finst i «Eventyrboka». Kanskje har redaktøren våga å vere ein meir aktiv medspelar denne gongen, og den litterære kvaliteten er dermed heva.
Tanken bak dei to antologiane er god: Slike korte høgtlesingstekstar for småtrinnet er sjeldan vare og møter eit reelt behov. Eg håpar difor at Skald finn eit betre og meir inspirerande utgangspunkt til forfattarane neste gong, slik at tekstutvalet blir artigare og meir variert lesing.
PETRA J. HELGESEN
Enig med vår anmelder? Si din mening her.
Les også
Siste fra Litteraturanmeldelser
Relaterte bilder
-
«Tidenes vittigste grøsser»
1 2 3 4 5 6«The Cabin in the Woods»: Skrekkfilmen dekonstruert i kreativt blodbad. -
«Litt for overdådig gotisk såpeopera»
1 2 3 4 5 670-tallet møter vampyrfilmen i en ikke helt vellykket miks -
«Scener fra en skilsmisse»
1 2 3 4 5 6Tango, rødvin og kjærlighet i uelegant forening -
«Øm barndomsskildring»
1 2 3 4 5 6«Tomboy»: Åpen lek med kjønnsidentitet. -
«Burma - en kjærlighetshistorie»
1 2 3 4 5 6Melodramatisk om Aung San Suu Kyi
-
«Komedie og ironi»
Strålende oppsetning av Händels opera Xerxes åpner Festspillene. -
«Suser av gårde»
1 2 3 4 5 6Her er en låt du må høre. -
«Bergensk Duracell-metal»
1 2 3 4 5 6Et musikalsk bankebrett fra Tortorum. -
«Det svarte alvor»
1 2 3 4 5 6Forblåst hypnosekunst fra Bergen. -
«Brutal boogie»
1 2 3 4 5 6Syng en sang om tungt maskineri.
-
«Festkveld av det gode, gamle slaget»
1 2 3 4 5 6Bunnsolid med høy luftgitarfaktor. -
«Trivelig fra Leon Russell»
1 2 3 4 5 6Koselig møte med gammel helt, men heller ikke noe mer. -
«I det fredsæle hjørnet»
1 2 3 4 5 6Vakkert, melankolsk og svært langsomt. -
«Diskoparty a la Koengen»
1 2 3 4 5 6Fungerer utmerket til sitt bruk – men ble slitsomt i lengden, mener vår anmelder. -
«Motorpsycho rodde det hele trygt i land»
1 2 3 4 5 6Seiler skuten på trygt vann - for det meste.
-
«Komedie og ironi»
Strålende oppsetning av Händels opera Xerxes åpner Festspillene. -
«Morsomme scener fra kattens liv»
Enkelt, men ikke lettvint -
«Beckett i Bergen»
Utfordrende språk, fattig scenekunst. -
«Historier skrevet i olje »
Nært møte med oljeutvinning, makt og mennesker. -
«Det farlige språket»
Krevende både for publikum og skuespillere.
- Div. / Gunvor Rasmussen
- «Eventyrboka. Nynorske forteljingar»
- Skald
Mest lest
Alexander Dale Oen er død
Den kjente svømmeren Alexander Dale Oen (26) fra Øygarden døde brått tirsdag morgen.
Denne hytten kan du få gratis!
Are Stensland gir bort denne hytten som står på Sotra. Det er bare en hake.
Kontroll over storbrannen
Skogsinfernoet på Sotra roet seg selv i natt. Men fremdeles brenner det.
Kjent bergensmusiker savnet
Per Kristian Slåttli er savnet etter at han ble borte sent mandag kveld. Han er medlem i et av Bergens mest kjente og respekterte band.
Denne sjåføren glemte noe viktig
- Da jeg fløytet på henne, vinket hun så fint tilbake, sier Anders Rolland som kjørte bak boss-spannsjåføren.


