Godt om Garborg

Ingen grunn til å la Arne Garborg bli verande i skuggen.

Eskil Skjeldal, Gudleiv Bø og Norunn Askeland (red.)
««Med Lykti i hand. Garborg som diktar og tenkjar»»

ARNE GARBORG SPARKA HARDT mot den kapitalistiske samfunnsordninga. Då godkjenningsordninga for lærebøker fall bort i år 2000, vart kulturarven så å seie sett i spel etter marknadsliberalistiske prinsipp. Og då den nye læreplanen gjorde det av med lista over obligatoriske forfattarar, den litterære kanon, var det fritt fram. No kunne ein kvitte seg med denne brysame landsmålsideologen. Norunn Askeland syner korleis Garborg langt på veg har blitt offer for ideologien han så lenge stridde imot. Han er ikkje lenger så tydeleg framme i lærebøkene. Dette er berre ein av mange tankevekkjarar som møter ein i denne velproduserte boka frå Efrem Forlag.

MEN ER DET DÅ EIT PROBLEM at Garborg har komme i skuggen? Dei 15 bidragsytarane kan nok vere usamde i mangt, men her møtest dei. Garborg var «eit prisme» for si tid. Han fanga opp straumdraga ved modernisering og sekularisering i siste halvdel av 1800-talet og fram til den fyrste verdskrigen. Konfliktlinjene frå Garborgs tid finst òg her hos oss, i brytningane mellom sekulariserte og religiøse tankemodellar i det fleirkulturelle Noreg.

Nett her kunne tilnærminga vore djervare. Om det er slik at Garborg er aktuell på desse premissane, hadde det vore interessant å skipe til eit kulturmøte mellom hans tekstverd og ein førstegenerasjons nordmann med røter i til dømes Pakistan. På dette punktet innfrir altså ikkje boka lovnadene sine. Er ein litt mistruen, kunne ein sjå på dette som ein freistnad på å gå utanom heile problematikken.

BOKA ER DELT INN i ulike avdelingar: Garborg på (religiøs) leiting, Garborg i skulen, Garborg som ven og Garborg i litteraturhistoria. Og det er gjerne i møta mellom forfattarane dei interessante brytningane skjer. Som når Jan Inge Sørbø, Jon Hellesnes og Arnfinn Haram kvar på sitt vis drøftar Garborgs teologiske freistnader i essayet Jesus Messias. Og mest interessant blir det når Garborg verkeleg blir utfordra som intellektuell. Det toler han, om enn ikkje utan rifter i bunaden. Hellesnes går langt i å framstille Garborgs humanisme som ei tidleg utgåve av kardemommelova. Og dominikanarpater Haram rundar av sitt essay med Garborg som «hauglagd» på Høgjæren! Dette er heilt i Garborgs ånd. Å kritisere er å respektere.

Sigrid Bø Grønstøl og Ine Fintland skriv med stor innsikt i bolken om Garborg som ven. Dette er essay som utfyller kvarandre. Bø Grønstøl skriv med nærleik og empati, medan arkivaren Fintland er ein noggrann tekstkritikar, med kjeldetilvisingar over til saman ti sider. Begge viser korleis Hulda Garborg var ei sjølvstendig og intellektuell kvinne for si tid, og korleis ekteparet i det heile kunne fungere som eit tospann til bate for kvarandre. Også om dei kunne vere «Sån passelig skilt», for no å bruke Huldas ironiske formulering.

Tor Obrestad, Eldrid Lunden og Sveinung Time er òg med i laget. Forvitneleg er Lundens komparative analyse av Nora og Veslemøy, som alt i alt fell ut i favør av jenta frå Høgjæren. Her blir «sjarmerande tankeløyse» ståande overfor vilkår for eksistensiell fridom.

OM NO GARBORG framleis blir verande i skuggen, er det ikkje desse forfattarane som har skulda. No er det opp til oss å ta saka vidare. Garborg var tvillaust på eit høgare nivå enn læreboksindustrien som freistar å marginalisere han.

HEMING GUJORD

Enig med vår anmelder? Si din mening her.

Les også

Siste fra Litteraturanmeldelser

Kinesiske liv

Velskrevne noveller med mange tilbakeblikk som går ut over historienes nerve og temperatur.

Egyptiske kvinneskjebner

<b>Salwa Bakr</b> forteller historien til kvinnelige innsatte, som nesten alle er blitt kriminelle som følge av menns ugjerninger.

Relaterte bilder

  • Eskil Skjeldal, Gudleiv Bø og Norunn Askeland (red.)
  • «Med Lykti i hand. Garborg som diktar og tenkjar»
  • Efrem Forlag

Mest lest

Alexander Dale Oen er død

Den kjente svømmeren Alexander Dale Oen (26) fra Øygarden døde brått tirsdag morgen.

Denne hytten kan du få gratis!

Are Stensland gir bort denne hytten som står på Sotra. Det er bare en hake.

Gunnar ble lagt i jern ved Bybanen

Gunnar Aasbø skulle hjem fra byen, og skulle betale med KontantSkyss-kortet sitt. Vekterne nektet. Det endte med at han ble påsatt håndjern og tatt med av politiet.

Kjent bergensmusiker savnet

Per Kristian Slåttli er savnet etter at han ble borte sent mandag kveld. Han er medlem i et av Bergens mest kjente og respekterte band.

Denne sjåføren glemte noe viktig

- Da jeg fløytet på henne, vinket hun så fint tilbake, sier Anders Rolland som kjørte bak boss-spannsjåføren.

TEGNESERIER