Gnistrande debut

Mørkt og vakkert om vond barndom.

Sondre Midthun
«Kom aldri nærmere»

Det er seinsommar.Far, mor, son og hunden Eyolf er samla på hytta. Sistnemnde får alt her ein sentral plass i det som etterkvart liknar ein stilstudie i familie-uhygge, for bak idyllen er farens mørke sinn i ferd med å utsletta familien.

På grunn av ein bagatell får den uskuldige Eyolf unngjelda for fars sinne, og endar dermed sitt hundeliv på mest urettferdig vis denne sommardagen ved Lysvann, eit tjern som dannar eit geografisk episenter for det løyndomsfulle mørket vi snart forstår omsluttar familien. Med filmatisk selektivt blikk styrer hovudpersonen lesaren gjennom ein barndom prega av frykt for ein lunefull og mildt sagt distansert far.

Bestekompisen Gustav og hans lune familie blir eit motstykke til den terroren som pregar hans eigen heim, og vi får eit hjarteskjerande bilete av eit forsømt barn. Ikkje minst er dette ein roman om dei nedbrytande kreftene det rommar, og prisen for å veksa opp i ein kjærleikslaus heim.

Forteljinga er effektiv,språket elegant og informasjonsmengda akkurat så sparsam at spenninga held seg. Kort sagt, Midthun imponerer − ikkje minst ved å få velkjente motiv som eit konfliktfylt far-son forhold og ein ung manns vanskelege oppvekst ein stad i utkant-Noreg til å framstå forfriskande nytt. At stemninga i familien er framstilt einsidig negativ, og at den nærast sadistiske faren ser ut til å mangla alt som heiter menneskeleg varme, svekkar i blant dessverre truverdet.

Mot slutten slit eg dessutan med å godta plotet: Opningsscena med Eyolfs drukningsdød er uhyrleg, ja så sterk at den åleine dannar bakteppet for resten av handlinga, med den stakkars Eyolf som ein katalysator for det heile.

Det spørs om den strålande starten slår beina under resten av romanen: Har forfattaren spent opp eit større lerret enn han maktar bleika? Likevel, dette er ein gnistrande god debut og tidvis heilt strålande romanhandverk.

Er du enig med vår anmelder? Si din mening i feltet under.

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Debatten vil bli forhåndsmoderert

Siste fra Litteraturanmeldelser

Kinesiske liv

Velskrevne noveller med mange tilbakeblikk som går ut over historienes nerve og temperatur.

Egyptiske kvinneskjebner

<b>Salwa Bakr</b> forteller historien til kvinnelige innsatte, som nesten alle er blitt kriminelle som følge av menns ugjerninger.

Relaterte bilder

Mest lest

Alexander Dale Oen er død

Den kjente svømmeren Alexander Dale Oen (26) fra Øygarden døde brått tirsdag morgen.

Denne hytten kan du få gratis!

Are Stensland gir bort denne hytten som står på Sotra. Det er bare en hake.

Gunnar ble lagt i jern ved Bybanen

Gunnar Aasbø skulle hjem fra byen, og skulle betale med KontantSkyss-kortet sitt. Vekterne nektet. Det endte med at han ble påsatt håndjern og tatt med av politiet.

Kjent bergensmusiker savnet

Per Kristian Slåttli er savnet etter at han ble borte sent mandag kveld. Han er medlem i et av Bergens mest kjente og respekterte band.

Denne sjåføren glemte noe viktig

- Da jeg fløytet på henne, vinket hun så fint tilbake, sier Anders Rolland som kjørte bak boss-spannsjåføren.

TEGNESERIER