Fart og sjølvtillit

Ei perfekt høgtlesingsbok

Maria Parr
««Tonje Glimmerdal»»

Endeleg er bok nummer to frå Maria Parr ute. Debuten hennar «Vaffelhjarte» blei nominert til Brageprisen og vann mange lesarar. I den følgde me to niåringar gjennom liv og vaffelrø­re i eit år, med tøffe og rappkjefta Lena Lid i hovudrolla. Miljøet og karakterane i årets bok er ikkje så ulike. Tonje bur i Glimmerdalen, som er ei lita bygd under høge fjell med ferjesamband til byen. Med «fart og sjølvtillit» som motto er ho høgt og lågt på kjelke, ski og sykkel, og elles full av frimod og hjartevarme.

I Glimmerdalen lever alle på romantisk vis i pakt med natur og sambygdingar, med eitt unnatak: Campingplasseigar Klaus Hagen. Han vil lage business av dalen, og meiner at Tonje øydelegg for helsecampen hans med all skrålinga si. Det kan aldri bli nok pengar, og ein skal aldri slå seg til ro med det ein har, hevdar Hagen. «Det er heimar og venner og pappaer og mammaer og felespeling og fjella og elva og havet som stig som er viktig,» parerer Tonje.

Boka har noko tidlaust og nostalgisk over seg, og står fram som ein klassikar allereie i si eiga samtid. Parr er ein drivande god forteljar som heile tida tar avstikkarar utan at handlingstrå­den forsvinn. Spennande er det òg. Når bestevenen på 74 år brekker lårhalsen og endar på sjukehus, stig ei gammal hemmelegheit opp til overflata. Garden til Gunnvald står i fare for å hamne i Klaus Hagens lomme, og sjølv om Tonje er skuffa over Gunnvalds fortid, veit ho kva som er rett å gjere.

Hovudkarakteren er litt av ei sjarmbombe og moralen like heiderleg som i eventyra. Kanskje bikkar det over i det eplekjekke når niåringen Tonje kan alle versa i kompliserte Vinje-dikt, men det får så vere. Illustrasjonane er snille og pyntelege, og maktar dessverre ikkje å vise fram denne fandenivoldske sida av Tonje.

KRISTINE ISAKSEN

Enig med vår anmelder? Si din mening her.

Les også

Siste fra Litteraturanmeldelser

Kinesiske liv

Velskrevne noveller med mange tilbakeblikk som går ut over historienes nerve og temperatur.

Egyptiske kvinneskjebner

<b>Salwa Bakr</b> forteller historien til kvinnelige innsatte, som nesten alle er blitt kriminelle som følge av menns ugjerninger.

Relaterte bilder

  • Maria Parr
  • Illustrert av Åshild Irgens
  • «Tonje Glimmerdal»
  • Det Norske Samlaget

Mest lest

Alexander Dale Oen er død

Den kjente svømmeren Alexander Dale Oen (26) fra Øygarden døde brått tirsdag morgen.

Denne hytten kan du få gratis!

Are Stensland gir bort denne hytten som står på Sotra. Det er bare en hake.

Kontroll over storbrannen

Skogsinfernoet på Sotra roet seg selv i natt. Men fremdeles brenner det.

Kjent bergensmusiker savnet

Per Kristian Slåttli er savnet etter at han ble borte sent mandag kveld. Han er medlem i et av Bergens mest kjente og respekterte band.

Denne sjåføren glemte noe viktig

- Da jeg fløytet på henne, vinket hun så fint tilbake, sier Anders Rolland som kjørte bak boss-spannsjåføren.

TEGNESERIER