Dødsdans i havgapet

Vakker påstand om ekte kunst

Torvald Sund
««Dans stille før stormen»»

Dette er ikkje ei forteljing bygd heilt etter mønster av balletten Svanesjøen. Kjærleiken mellom Runar og Julie er ikkje like håplaus. Men lett blir det ikkje no som ho førebur seg til opptaksprøve ved The Royal Ballet School i London, medan han har investert i eigen sjark og bestemt seg for eit liv som fiskar her i Rørvik.

Eg hadde venta at denne kunstnarromanen skulle følgje Julie til London. Ho skal danse eit parti frå Svanesjøen og strever med innlevinga. Trassig uroar ho seg for kva ho kan få til i storbyen: «Dei måtte ikkje tru at ho ikkje kunne danse ballett berre fordi ho kom frå ein liten by på kysten.» Så tek i staden Sund lesaren med til ei øy ytst i havgapet, dit Runar og Julie gjer ein siste utflukt saman. Ulykka skjer brått, og handlinga strekkjer seg over berre fem-seks timar. På den tida må Julie klare å hente hjelp skal ho berge livet til kjærasten.

På spennande vis vekslar dei korte kapitla på å følgje Julie og Runar i parallelle handlingsløp. Iblant er spenninga strekt i lengste laget, men jo nærare døden kjem, jo tettare blir handlinga. Når det ser som svartast ut, tyr Julie til dansen, hermar skarven og finn ut korleis det må kjennast å flyge som Tsjajkovskijs svane.

Utfallet er ikkje gitt. Den versjonen av Svanesjøen som Sund hintar til, endar med at dei to elskande kastar seg i døden saman. På den andre sida: I ungdomsromanar plar det vere håp.

Ikkje uventa er forfattaren frå Levanger meir overtydande når han skriv om skarv, garnblåser og bergingsaksjon enn når han skriv om ballett. Men på meisterleg vis får han kampen mot naturkreftene til å handle også om kunst. Kunsten er å trasse smerte og aldri gi opp. Boka er blitt ei sterk og poetisk påminning om at ballett blir skapt i møte med naturkreftene meir enn i øvingslokala. Folk frå små kår har med andre ord mykje på store scener å gjere.

GURI FJELDBERG

Enig med vår anmelder? Si din mening her.

Les også

Siste fra Litteraturanmeldelser

Kinesiske liv

Velskrevne noveller med mange tilbakeblikk som går ut over historienes nerve og temperatur.

Egyptiske kvinneskjebner

<b>Salwa Bakr</b> forteller historien til kvinnelige innsatte, som nesten alle er blitt kriminelle som følge av menns ugjerninger.

Relaterte bilder

* Torvald Sund

* «Dans stille før stormen»

* Samlaget

Mest lest

Alexander Dale Oen er død

Den kjente svømmeren Alexander Dale Oen (26) fra Øygarden døde brått tirsdag morgen.

Denne hytten kan du få gratis!

Are Stensland gir bort denne hytten som står på Sotra. Det er bare en hake.

Gunnar ble lagt i jern ved Bybanen

Gunnar Aasbø skulle hjem fra byen, og skulle betale med KontantSkyss-kortet sitt. Vekterne nektet. Det endte med at han ble påsatt håndjern og tatt med av politiet.

Kjent bergensmusiker savnet

Per Kristian Slåttli er savnet etter at han ble borte sent mandag kveld. Han er medlem i et av Bergens mest kjente og respekterte band.

Denne sjåføren glemte noe viktig

- Da jeg fløytet på henne, vinket hun så fint tilbake, sier Anders Rolland som kjørte bak boss-spannsjåføren.

TEGNESERIER