Den korte kjærleikskunsten
Debutantdikt med litterær kvalitet
AV: leif gullstein
Desse debutantdikta skriv fram intense møte mellom eit ho og eit dikt-eg, men det er usikkert om møta er reelle eller om eget vert forført av eigne minne og fantasiar. Særleg forsøka på å skaffe seg utsikt i samlingas tredjebolk, ved at eget «rissar inn eit bilete / av vindauget eg ikkje har» innfører tvil og modererer dei tidlegare dikta med tanke på hennar eksistens. Kanskje forsikrar dette diktet berre om at det er dikting og ikkje røyndom, og at kunsten slik sett er fri og herleg, sjølv om det berre kjem «eit sukk frå hagen» til svar. Det doble aspektet, kunsten og kjærleiken, er også innskrive i eit seinare dikt der først ho og sidan eget rett og slett forsvinn frå diktet og berre etterlet seg orda.
Kjærleiks- og kunstmotivet er knytt tett saman i debutantdikta. Men kjærleiken eller kunsten - denne «ho som står i rommet mitt og brenn» - kan vere verkeleg nok, uansett om ho finst som noko taktilt eller ikkje, for den som har fått ho i blodet. Dei tre avdelingane i diktboka skildrar fasane i kjærleiksforholdet, frå dei første tilnærmingane i denne «sommaren med absolutt gehør» der sansane står på vidt gap, til gjennombrotet og påfølgjande begjær og fysisk kontakt. Sidan kjem det forsmedelege kjærleikstapet som har vore varsla gjennom samlinga, og forsøka på å minke tydinga til ho som har vakse seg altfor stor i eget: «dette minnet om / munnen som / lukka seg kring blåbær syrleg spidda på eit strå / og safta som / varte heile livet».
Ho får mytiske, skremmande dimensjonar når «ho går inn i fossen», og eget har problem å nå inn til ho, også når det er noko seksuelt på gong, for eget opplever ho som «ein landfast kval pustar der bølgja aldri når», medan eget «brest/ eg brest /eg brest / og brest/ og».
Ramma rundt dikta verkar ikkje tvinga på dikta, og mange av einskilddikta er laga slik at dei peikar ut or ramma og står godt for seg sjølve. Språket er tidvis energisk, leikande, innfallsrikt og musikalsk, det hopp og sprett, jamvel om det smyg seg inn bilete som ikkje er fullt så originale her og der, som kan hende burde vore luka ut.
SINDRE EKRHEIM
Enig med vår anmelder? Si din mening.
Les også
Siste fra Litteraturanmeldelser
Relaterte bilder
-
«Livets uromantiske sider»
1 2 3 4 5 6Komisk og rørende om vekten av en familiehistorie -
«Påkosta eventyr»
1 2 3 4 5 6Tom Cruise reddar verda. Igjen. -
«Danser med delfiner»
1 2 3 4 5 6Velmenende om å takle funksjonshemning -
«Jakta på offeret»
1 2 3 4 5 6Ei ubehageleg reise ned i det svenske landskapet sine fordommar -
«En maktdemonstrasjon»
1 2 3 4 5 6Rikt portrett av en av USAs mektigste og mest omstridte menn
-
«Fredagskos med Larsen»
1 2 3 4 5 6Litt for pent og tekkelig i store doser -
«Visdomsviser»
1 2 3 4 5 6Cohen er blitt gammel og legger heldigvis ikke skjul på det -
«De beste hilsener»
1 2 3 4 5 6Mer enn et rart drops i en kommode. -
«Tilbake på trass»
1 2 3 4 5 6Skuffende gjenfødsel -
«Små bevegelser»
1 2 3 4 5 6Japansk tradisjon møter vestlig minimalisme
-
«Gripende øyevitneskildringer»
Far og datter Sønstelie gir en mangefasettert skildring av massakren på Utøya. -
«Rapport fra helvete»
-
«Det litterære Norge responderer»
Med varierende kraft om den verste ugjerningen i Norge siden krigen. -
«Kinesiske liv»
Velskrevne noveller med mange tilbakeblikk som går ut over historienes nerve og temperatur. -
«I lyriske omland»
Gleden ved å finne, gjendikte og dele.
-
«Stillferdig og hjemmekoselig»
1 2 3 4 5 6Pent, vakkert og nesten litt kjedelig. -
«Magnet er trygt tilbake»
1 2 3 4 5 6En glitrende oppvisning som hadde fortjent et større publikum. -
«Kurt koser julen inn»
1 2 3 4 5 6En trivelig førjulsstund med en smak av Hollywood. -
«Grenseløs kosmisk hippiecountry»
1 2 3 4 5 6Psykedelisk dronegitar med countrysmak. -
«Bursdag for fulle hus»
1 2 3 4 5 6Trivelig bursdagsfeiring, men kanskje litt for stivt og høytidelig.
-
«Kulturelt oljesøl»
Med enkle virkemidler får Amund Sjølie Sveen frem få, men viktige poeng om hva slags land Norge er. -
«Sædutleverende samtale-show»
1 2 3 4 5 6Når man begynner å bli for gammel til å skade seg selv, er det nok lettere å bare snakke om det. -
«Velkjent og velfungerende»
1 2 3 4 5 6Et godt proporsjonert show med mange høydepunkter, men også til tider litt for tradisjonelt. -
«- Ka? E d virkelig ingenting?»
De fem elleveåringene foran meg forsto lite da vakten kom og sa showet var slutt. -
«Bygdedyr uten skarpe tenner»
1 2 3 4 5 6Hele tiden langt innenfor streken
- Are Frode Søholt
- «Ho står i rommet mitt og brenn»
- Tiden


