Bortkomen son

Bjørnebye har skrive langt meir - og langt mindre - enn ein fotballbiografi

Stig Inge Bjørnebye
««Løsrivelse»»

Fotballaget Liverpool skal ha nærare 30.000 i den norske supportarklubben. Ein kunne såleis tru det finst ein stor marknad når Stig Inge Bjørnebye no har gjeve ut bok om tida (åtte år) som fotballproff hjå dei raudkledde. Men både forfattar og forlag overraskar med den heller tynne flisa (111 små sider).

«Løsrivelse» handlar i svært liten grad om oppturar og nedturar, treningar, triumfar og kvardagar i lag med andre stjernespelarar. Forlaget har heldigvis vore tru mot Bjørnebyes tekst, og utelate både biletdel og karriereoversikt, men forfattaren har vore nesten for streng med seg sjølv.

«Løsrivelse» er altså ingen tradisjonell fotballbiografi. Boka handlar om ein som vart riven laus frå dei verdiane han stod for, då han kom til ein annan kultur, og om ein som freista å riva seg sjølv laus att, frå den luksus og dei kjendisprivilegia han ikkje kjende seg heime i. «Det skjedde noe med takknemligheten min. Jeg kjente at en av de viktigste verdiene fra oppveksten var truet. Jeg tok meg selv i å utfordre den kvaliteten jeg satte mest pris på at jeg hadde. Ansvarsfølelsen ble truet av overdådigheten, og jeg hadde følelsen av å miste kontroll.»

Den psykologien og dynamikken som forfattaren skildrar her, er interessant tematikk. På ein måte kunne ein vona det var dei ihuga fotballtilhengarane som fekk dette skråblikket på stjernedyrkinga i hende. Bjørnebye ser godt, og skildrar godt. Han pendlar greitt mellom episodar og refleksjonar, og viser fram like mykje som han forklarar. Likevel synest eg boka manglar noko av eit tvisyn. Det må då ha vore litt stas å bu på det mest luksuriøse hotellet i verda? Litt moro med fotballkampar mot Manchester United? Litt godt med lukta av nyklypt gras? «Løsrivelse» risikerer å bli så mørk at ein ikkje ser anna enn Bjørnebyes svartsyn.

Det siste kapitlet peikar seg særleg ut, i negativ lei. Her handlar det ikkje så mykje om Bjørnebye sjølv som om mediefolk - som trampa inn på tomta hans då han stod i sluttpakkeforhandlingar som trenar i Start. Her verkar forfattaren aller mest hemngjerrig. På sitt beste dreier boka seg om ein bortkomen son - som ikkje kunne lika sitt eige sløseri.

GUDMUND SKJELDAL

Enig med vår anmelder? Si din mening her.

Les også

Siste fra Litteraturanmeldelser

Kinesiske liv

Velskrevne noveller med mange tilbakeblikk som går ut over historienes nerve og temperatur.

Egyptiske kvinneskjebner

<b>Salwa Bakr</b> forteller historien til kvinnelige innsatte, som nesten alle er blitt kriminelle som følge av menns ugjerninger.

Relaterte bilder

  • Stig Inge Bjørnebye
  • «Løsrivelse»
  • Aschehoug


Mest lest

Alexander Dale Oen er død

Den kjente svømmeren Alexander Dale Oen (26) fra Øygarden døde brått tirsdag morgen.

Denne hytten kan du få gratis!

Are Stensland gir bort denne hytten som står på Sotra. Det er bare en hake.

Kontroll over storbrannen

Skogsinfernoet på Sotra roet seg selv i natt. Men fremdeles brenner det.

Kjent bergensmusiker savnet

Per Kristian Slåttli er savnet etter at han ble borte sent mandag kveld. Han er medlem i et av Bergens mest kjente og respekterte band.

Denne sjåføren glemte noe viktig

- Da jeg fløytet på henne, vinket hun så fint tilbake, sier Anders Rolland som kjørte bak boss-spannsjåføren.

TEGNESERIER