Bloody Mary i bokform

Lettvinn detektivforteljing og finurleg grøssar.

Tor Arve Røssland
««Svarte-Mathilda»»

Ein skal vakte seg for å røpe for mykje, men så har nok denne boka avgrensa interesse for vaksne BT-lesarar: Elisabeth (14) har nettopp mista bror sin i ein brann, faren og mora går frå kvarandre, og ho og mora flyttar til ein ny plass. I den nye leilegheita er det uforklarleg kaldt, og Elisabeth opplever stadig at døra låser seg bak ho. Historia når sitt første høgdepunkt når eit vondsinna spøkjelse angrip Elisabeth og stikk ho ned med kniv. «Ho tok seg til armen og kjente at det rann vått og varmt blod frå eit stort kutt.» Då undrar ein ikkje lenger på om ho er gal og hallusinerer, men forstår at vi har med eit ekte gjenferd å gjere - og ein ekte grøssar.

Fleire dramatiske lagnader er fletta saman. Vi får tidleg vite at jenta Marie for 20 år sidan blei drepe på same plass som Elisabeth blir knivstukke. Kven som drap Marie (og angrep Elisabeth?) blir nøsta opp som ei detektivgåte av såpass lettvint merke at det er vanskeleg å forstå at Samlaget meiner dette er ei ungdomsbok. Elisabeth får hjelp av ein genial klassekamerat, ein nysgjerrig bibliotekar og ei rekkje «tilfeldige» samantreff.

Røssland er ikkje den første til å la seg inspirere av historia om Bloody Mary, gjenferdet som kjem ut av spegelen om ein kviskrar namnet hennar sju eller tretten gonger. Det er kjapt og effektivt fortalt. Forfattaren bak dei morosame bøkene om Pode, veit tydelegvis å økonomisere også når det gjeld blod. Her utnyttar han kompetansen sin innan film - ein kompetanse han delar med mange av dei som skriv grøssarar for barn og unge. Det er dramatisk action som gjeld meir enn psykologisk kompleksitet.

Heilt enkelt og rett fram blir det likevel ikkje. Spora Marie har late etter seg leier attende til 1881, og i ei parallell historie følgjer vi oppveksten til vesle Mathilda i ei bygd ramma av barnedrap. Liva til dei tre jentene viser seg å vere forbunde på okkult vis, noko som sikrar både driv og overraskingar. Spenninga stig saman med grøssar-faktoren. Om Røssland hadde makta å skape enda større nærleik til hovudpersonen, ville eg truleg blitt mørkredd.

GURI FJEL

Enig med vår anmelder? Si din mening her.

Les også

Siste fra Litteraturanmeldelser

Kinesiske liv

Velskrevne noveller med mange tilbakeblikk som går ut over historienes nerve og temperatur.

Egyptiske kvinneskjebner

<b>Salwa Bakr</b> forteller historien til kvinnelige innsatte, som nesten alle er blitt kriminelle som følge av menns ugjerninger.

Relaterte bilder

  • Tor Arve Røssland
  • «Svarte-Mathilda»
  • Samlaget

Mest lest

Alexander Dale Oen er død

Den kjente svømmeren Alexander Dale Oen (26) fra Øygarden døde brått tirsdag morgen.

Denne hytten kan du få gratis!

Are Stensland gir bort denne hytten som står på Sotra. Det er bare en hake.

Gunnar ble lagt i jern ved Bybanen

Gunnar Aasbø skulle hjem fra byen, og skulle betale med KontantSkyss-kortet sitt. Vekterne nektet. Det endte med at han ble påsatt håndjern og tatt med av politiet.

Kjent bergensmusiker savnet

Per Kristian Slåttli er savnet etter at han ble borte sent mandag kveld. Han er medlem i et av Bergens mest kjente og respekterte band.

Denne sjåføren glemte noe viktig

- Da jeg fløytet på henne, vinket hun så fint tilbake, sier Anders Rolland som kjørte bak boss-spannsjåføren.

TEGNESERIER