Arven etter Ole Bull
Om folkemusikken etter Ole Bull
AV: leif gullstein
OJ, tenkjer ein når denne boka ligg i postkassen: er det rom for meir om Ole Bull no? Kan det finnast ukjende detaljar ved Ole Bulls rastlause ferd på jorda, avskyggingar som det ikkje er kasta ljos over etter at me i jubileumsåret har fått Harald Herresthals monumentale firebandsverk og mangt anna?
Arbeidet med å lyfta fram folkemusikken «or duldo» var eit viktig ledd i det store nasjonale prosjektet til Bull. Møtet med Myllarguten 1831 gav Ole Bull sterke impulsar, og i bagasjen til Paris dette året låg ikkje berre ein italiensk fiolin, men også ein «hardangerfiolin» eller bondefele. Foto av Ole Bull med hardingfele finst ikkje, einaste visuelle dokumentasjon er spelemannen fremst i båten på Brudefærden, der Ole Bull sat modell for Tidemand.
OLE BULL er startpunktet i denne soga, det kjem ein ikkje utanom. Likevel er det først og fremst arven etter Ole Bull boka konsentrerer seg om, spelemennene som i tillegg til dansespel gjorde hardingfela til konsertinstrument og skapte ein eigen konserttradisjon. Særleg i tiåra kring hundreårsskiftet 1900 blømde dette konsertlivet. Folkemusikarane tok ut på spelferder der dei kombinerte konsert med dansekveldar eller gav program med reint lydarspel. Det typiske konsertspelet falda seg ut nokolunde parallelt med voksteren i den frilynde ungdomslagsrørsla.
I denne tradisjonen står slike meistrar som Ola Mosafinn, Sjur Helgeland, Olav Moe, Torkjell Haugerud, Halldor Meland, Arne Bjørndal og andre. Ein viktig marknad for norske spelemenn var dei norske bygdelaga i USA. Norskamerikanarane søkte inntrykk som minte dei om gamlelandet. Slåttemusikken rørde ved heimkjensla og nørde heimlengten. Olav Moe sine 93 konsertar i USA vitnar om denne aktiviteten. Om Lars Fykerud er sagt at han kunne tena 1000 dollar på éin konsert «over there». Kjende namn tok dessutan i bruk eit nytt medium som utvida nedslagsfeltet; grammofonplata.
SPELEMENNENE var komponistar, dei skapte nye lydarslåttar og tonestykke, verk som hausta fagnad i samtida, men ikkje har overlevd. Einaste stykket med grep på publikum i dag, er «Budeiene på Vikafjell». Sjur Helgelands «evergreen» er bygt over same leisten som Ole Bulls «Et Sæterbesøg». Også spelemenn står på oksla til den som gjekk føre. Det gjorde jamvel Ole Bull; I ensomme stunde er i opphav ein folketone han gjorde til sin.
Konsertspelet har skifta karakter, og dei fremste felespelarane i dag er konsertartistar, mange av dei med akademisk bakgrunn. Eit vende kom med Sigbjørn Bernhoft Osa, ein av dei første framståande utøvarane både med tradisjonell spelemannsopplæring og klassisk fiolinistutdanning. Han hadde evna til å koma nye lyttargrupper i møte og han skipa Ole Bull Akademiet. Det førde folkemusikkfeltet inn i høgare musikkutdanning.
FORFATTARANE meiner at det fremste teiknet på ein ubroten konserttradisjon i folkemusikken er den munnlege presentasjonsforma som er i hevd. I staden for «tonestykke» er samspel kome inn. Sjangrar blandar seg med kvarandre. Det gjev seg ulike uttrykk, og mangfaldet er rikt. Det er ikkje vanskeleg å gje dei velformulerte forfattarane rett når dei seier at folkemusikken står støtt i kulturbiletet i dag, og har status til liks med andre sjangrar.
REIDAR STORAAS
Enig med vår anmelder? Si din mening her.
Les også
Siste fra Litteraturanmeldelser
Relaterte bilder
-
«Tidenes vittigste grøsser»
1 2 3 4 5 6«The Cabin in the Woods»: Skrekkfilmen dekonstruert i kreativt blodbad. -
«Litt for overdådig gotisk såpeopera»
1 2 3 4 5 670-tallet møter vampyrfilmen i en ikke helt vellykket miks -
«Scener fra en skilsmisse»
1 2 3 4 5 6Tango, rødvin og kjærlighet i uelegant forening -
«Øm barndomsskildring»
1 2 3 4 5 6«Tomboy»: Åpen lek med kjønnsidentitet. -
«Burma - en kjærlighetshistorie»
1 2 3 4 5 6Melodramatisk om Aung San Suu Kyi
-
«Suser av gårde»
1 2 3 4 5 6Her er en låt du må høre. -
«Bergensk Duracell-metal»
1 2 3 4 5 6Et musikalsk bankebrett fra Tortorum. -
«Det svarte alvor»
1 2 3 4 5 6Forblåst hypnosekunst fra Bergen. -
«Brutal boogie»
1 2 3 4 5 6Syng en sang om tungt maskineri. -
«Kjør meg gjennom natten»
1 2 3 4 5 6The Chromatics styrer deg rett inn bakrusen fra 1985.
-
«Festkveld av det gode, gamle slaget»
1 2 3 4 5 6Bunnsolid med høy luftgitarfaktor. -
«Trivelig fra Leon Russell»
1 2 3 4 5 6Koselig møte med gammel helt, men heller ikke noe mer. -
«I det fredsæle hjørnet»
1 2 3 4 5 6Vakkert, melankolsk og svært langsomt. -
«Diskoparty a la Koengen»
1 2 3 4 5 6Fungerer utmerket til sitt bruk – men ble slitsomt i lengden, mener vår anmelder. -
«Motorpsycho rodde det hele trygt i land»
1 2 3 4 5 6Seiler skuten på trygt vann - for det meste.
-
«Morsomme scener fra kattens liv»
Enkelt, men ikke lettvint -
«Beckett i Bergen»
Utfordrende språk, fattig scenekunst. -
«Historier skrevet i olje »
Nært møte med oljeutvinning, makt og mennesker. -
«Det farlige språket»
Krevende både for publikum og skuespillere. -
«UKErevyen bedre enn noensinne»
1 2 3 4 5 6Mye å glede seg over. Mye å le av.
- Håkon Asheim og Gunnar Stubseid
- «Ole Bull og folkemusikken»
- Vigmostad Bjørke
Mest lest
Alexander Dale Oen er død
Den kjente svømmeren Alexander Dale Oen (26) fra Øygarden døde brått tirsdag morgen.
Denne hytten kan du få gratis!
Are Stensland gir bort denne hytten som står på Sotra. Det er bare en hake.
Gunnar ble lagt i jern ved Bybanen
Gunnar Aasbø skulle hjem fra byen, og skulle betale med KontantSkyss-kortet sitt. Vekterne nektet. Det endte med at han ble påsatt håndjern og tatt med av politiet.
Kjent bergensmusiker savnet
Per Kristian Slåttli er savnet etter at han ble borte sent mandag kveld. Han er medlem i et av Bergens mest kjente og respekterte band.
Denne sjåføren glemte noe viktig
- Da jeg fløytet på henne, vinket hun så fint tilbake, sier Anders Rolland som kjørte bak boss-spannsjåføren.


