Ikkje med kaldt hjarta

Vesaas held fram med å fortrolla

««Det er slik òg. Blikk på Vesaas»»

Tarjei Vesaas er i vinden. Dette er den andre boka om Telemarks-diktaren som kjem i vår, og denne gongen er det ein antologi der ei gruppe forskarar og forfattarar skriv, frå ulike vinklar. Det er nettopp poenget: Vesaas formulerte sjølv setninga «Det er slik òg», difor skal fleire røyster snakka om han, fleire augo sjå han.

Dette svarer til ein tendens i nyare Vesaas-lesingar til å gå lenger og lenger bort frå dei enkle allegoriske lesingane: at han skriv om krigen, atombomba osv. Særleg poengterer Trude Marstein at ho har størst glede av å lesa Vesaas så å seia symbolfritt, dvs. utan tanke på at meininga ligg ein annan stad enn i det konkrete. Det er utan tvil eit korrektiv til forenklingane.

Den nyaste doktoravhandlinga av Vesaas, av Kjell Ivar Skjerdingstad, inneheld også ein protest mot for mykje tyding, og vender i staden blikket mot det sanselege og fenomenologiske hos denne diktaren. Men i artikkelen om «Fuglane» som Skjerdingstad skriv her, blir likevel tolkinga av Mattis litt for firkanta, synest eg. Forfattaren poengterer at Mattis nok er ein protest mot det rasjonelle og arbeidssame 1950-talet, men at protesten hans er mislukka og meiningslaus. Det er noko ved Mattis' uimotståelege autoritet Skjerdingstad ikkje greier å fanga opp.

Den mest lærde og innsiktsfulle artikkelen har Steinar Gimnes skrive, med ein fin oversikt over Vesaas-lesingane gjennom tidene. Det er både konsist og klokt. Og han tek seg også tid til å sitera ei ungdomssynd frå Willy Dahl, som i ungdommeleg overmot hevda at Vesaas var sterkt overvurdert. Viktigare er det at han viser korleis lesingane skifter, også korleis ulike verk står i fokus. I denne boka er den aller siste boka, «Liv ved straumen», den mest siterte. Det er i seg sjølv interessant. Men favorittane «Isslottet»og «Fuglane» er framleis sentrale.

Eit nytt element kjem Brit Bildøen med, når ho dreg inn arkitektur som ein god tolkingsnøkkel for Vesaas-lesarar. Vi tenkjer fort på Vesaas som naturdiktar, fordi han ofte skildrar landskap. Men han skriv også om hus, om bruer, tårn og konstruksjonar. Det knyter oss meir til kunstnaren, mindre til den intuitive naturmystikaren.

Inger Bråtveit, som har hatt mot til å skriva ein roman med tittelen «Siss og Unn», har eit fint essay der ho set «Fars reise» inn i sitt eige Suldalslandskap. Denne romanen handlar om ei elv og ei demning, og Bråtveit vaks opp under Ulla-Førre-utbygginga. Det gir nokre gode samanstillingar. Og Sissel Lie fører saman Vesaas og Hélène Cixous, to svært ulike røyster som møtest i sine livsforteljingar.

Det er mange diskusjonar kring Vesaas; ein av dei er om han dyrkar intuisjonen for mykje, når han forlanger at bøker ikkje skal lesast med kaldt hjarta. Men desse, stundom litt antiintellektuelle utsegnene om kva det vil seia å dikta, høyrer til det som fascinerer hos Vesaas, og hans funderingar i erkjenningas grenseland står seg godt. Det kan vera ein av grunnane til at nettopp den sjølvbiografiske «Liv ved straumen» vekkjer så stor interesse. Som Marstein skriv, er det det gåtefulle og uløyselege som framleis dreg. Det var det som drog Vesaas også. Og bøkene hans held fram med å fortrolla, det er denne vesle antologien eit nytt teikn på.

Er du enig med vår anmelder? Si din mening her:

Les også

Siste fra Litteratur

Relaterte bilder

Kjell Ivar Skjerdingstad, Irene Engelstad, Sissel Lie (red)
«Det er slik òg. Blikk på Vesaas»

Novus Forlag

Mest lest

Alexander Dale Oen er død

Den kjente svømmeren Alexander Dale Oen (26) fra Øygarden døde brått tirsdag morgen.

Denne hytten kan du få gratis!

Are Stensland gir bort denne hytten som står på Sotra. Det er bare en hake.

Gunnar ble lagt i jern ved Bybanen

Gunnar Aasbø skulle hjem fra byen, og skulle betale med KontantSkyss-kortet sitt. Vekterne nektet. Det endte med at han ble påsatt håndjern og tatt med av politiet.

Kjent bergensmusiker savnet

Per Kristian Slåttli er savnet etter at han ble borte sent mandag kveld. Han er medlem i et av Bergens mest kjente og respekterte band.

Denne sjåføren glemte noe viktig

- Da jeg fløytet på henne, vinket hun så fint tilbake, sier Anders Rolland som kjørte bak boss-spannsjåføren.

TEGNESERIER