Noveller som dreier jorda

Latter i skeivt alvor

«Alle barn er laget av ild»

Det er ikkje veldig ofte god litteratur greier å lure latteren fram. Kjell Askildsens noveller greier det. Og nå også novelledebutanten Nicolai Houm, som tidlegare har gitt ut romanen «Knekk nakken, min venn» (2004). «Alle barn er laget av ild» er ein vakker tittel med respekt for det som skjuler seg i den.

Også sjølve framsida, bokas ytre, er naivt tiltalande med poetisk-absurde samandrag av innhaldet. Den eine, «To forelskede astronauter observeres fra jorden av en ensom biolog», er nesten eit lite dikt.

Så er det alle desse rare og vanlege menneska vi møter i dei ulike novellene, fleire fortalt om med metaironisk distanse, som får fram latteren, eller kanskje heller ei vennleg humring. I novella «Du og jeg» vil eg-forteljaren gjerne fortelje ei historie «der ingenting kommer til å være utenom det vanlige.» Historia om paret medveldigvanlige problem og liv, glir over til å trekkje lesaren inn, og difor får tittelen «Du og jeg» også ei betydningsgliding når novella er ferdiglesen.

Allereie etter «Du og jeg» er eg blitt «du-et» i denne tittelen. Kosteleg er novella om den banktilsette på eit slikt overtypisk inspirasjonsseminar for næ­ringsliv, der ein lam eksalpinist snakkar om «kilden til kraft og fornyelse». Men novella tar ei overraskande og dramatisk vending når bankmannen blir med ein tiltrekkjande danske ut i snø­kavet.

Kanskje er det noko med vendinga i novellene eg likar. Perspektivet flyttar, og lesaren må følgje med. På finurleg vis oppnår Houm å dreie eller bevege «jorda» som både dei fiktive personane og lesaren står på. Novellesjangeren får også sitt, alle klisjeane, som bokmeldaren så gjerne oppskriftsmessig tyr til, blir knust i «En novelle».

Eg-forteljaren, som går på skriveskule, får lære alle triksa, og at Hemingway og Askildsen er forbilda fordi dei «skriver ikke et ord for mye. Hvis du leser anmeldelser av gode novellesamlinger i avisen, står det det.»

Kva står da igjen å seie? Eg bestemmer meg for å ty til Arkimedes sine ord: «Gi meg eit fast punkt, der eg kan stå, så skal eg dreie jorda.»

GRO BYRKJELAND

Er du enig med vår anmelder? Si din mening her:

Les også

Siste fra Litteratur

Kinesiske liv

Velskrevne noveller med mange tilbakeblikk som går ut over historienes nerve og temperatur.

Relaterte bilder

bok/noveller
Nicolai Houm
«Alle barn er laget av ild»

Tiden

Mest lest

TEGNESERIER