Latinamerikas største poet på norsk

Nødens direkte tale

«Menneskelige dikt»

Skulle eg kome med eit litterært ønske for det nye året, måtte det vere at Inger Elisabeth Hansens flotte gjendikting av «Menneskelige dikt» av den store peruanske diktaren César Vallejo (1892-1938), skulle kuppe desse altfor styrande bestseljarlistene. Å lese Vallejo er å lese stor poesi. Vallejos poesi er radikal, både i språkleg og politisk forstand. Særleg gjeld dette avantgardesamlinga «Trilce», frå «modernismeåret» 1922.

Noko meir open er «Menneskelige dikt», frå den posthume delen av forfattarskapen. Ikkje uventa er det poeten Inger Elisabeth Hansen som har stått for det krevjande gjendiktingsarbeidet, for i «Dobbel dame mot løvenes ørken» (1986), skreiv Hansen seg inn i Vallejos poesi på ein overskridande måte med den sterke teksten «INNGANGER TIL EN MASKE». Noko av det fine med denne gjendiktinga, er at Vallejos dikt står side om side på spansk og norsk.

Eitt av dei vakraste og beste dikta til Vallejo er det kjende elegiske prosadiktet «Nå skal jeg snakke om håpet», som er eit dikt om liding og smerte: «Jeg lider ikke denne smerten som César Vallejo», opnar diktet - og nettopp den grunnfesta motseiinga mellom eg-et og kollektivet, dominerer diktsamlinga. Vallejo gir stemme til alle som lir, svelt, er undertrykte - «de elendige» - om det er indianarbefolkninga han sjølv kjem frå, eller dei fattige massane generelt: «Det finnes folk som er så elendige at de ikke engang / har en kropp ...».

Sjølv framhevar Hansen diktet «Den sultendes hjul», som sin inngang til Vallejos poesi, eit skakande dikt om svoltens og fattigdommens fornedringar: «jeg har jo ingenting lenger, dette er forferdelig.»

Språket i Vallejos poesi kilar seg inn mellom liding og håp, men viktigast er den grunnleggjande solidariteten med mennesket. Difor er «Menneskelige dikt» ein tittel som treff kjernen i denne politiske lyrikken. Eksilert og fattig i Paris skriv Vallejo så vakkert: «Det var søndag på de lyse ørene til mitt esel, / til mitt peruanske esel i Peru. (Unnskyld nostalgien)».

Utgangspunktet til Vallejo er ei sterk stadkjensle, knytta til barndomen i Peru, men tematikken er mest av alt menneskeleg: Smerte, tid, død, svolt. Vallejo er absolutt ein peruansk og latinamerikansk diktar, men først og fremst er han ein stor diktar - ein stor politisk diktar.

GRO BYRKJELAND

Er du enig med vår anmelder? Diskutér saken her:

Les også

Siste fra Litteratur

Kinesiske liv

Velskrevne noveller med mange tilbakeblikk som går ut over historienes nerve og temperatur.

Relaterte bilder

bok/dikt
César Vallejo
«Menneskelige dikt»

Gjendikta av Inger Elisabeth Hansen
Aschehoug

Mest lest

TEGNESERIER