Eit godt «God natt»

Forteljingane som foreldre har leita etter.

Gode biletbøker på nynorsk er ikkje vanskeleg å finne. Dei lengre prosaforteljingane er heller ikkje mangelvare. Men dei små forteljingane, dei må ein leite etter. Difor er den nett utkomne «Godnattboka» til Skald forlag ein genistrek. Her får ein tjueto nyskrivne, nynorske forteljingar som alle høver til ei lita lesestund på sengekanten.

Forlaget har bede både etablerte skribentar, kjende nynorskingar, og debutantar om å skrive til denne boka. Nokre er sjølvsagde, som Erna Osland, Ragnar Hovland og Einar Økland. Andre innslag er meir fantasifulle, som til dømes Sylfest Lomheim og Heidi Marie Vestrheim. Alle forfattarane leverer varene.

Tekstar skrivne på oppdrag har ofte varierande kvalitet. I denne utgjevinga er dei fleste bidraga sterke, trass i eit par haltande avslutningar. Dessutan har Gunvor Rasmussen gjort ein imponerande jobb med illustrasjonane. Dei fargerike penselstrøka hennar gir boka ein freistande utsjånad, og ein attkjennande identitet, som gjer at ungane kjem til å finne ho fram gong på gong, og be om å bli lest for.

Det er nok ikkje lurt å følgje kravet kvar gong, for dette er ei bok som bør lesast innimellom andre bøker. Alle forteljingane handlar på eit eller anna vis om å leggje seg, om å sove eller om å drøyme. Det kan difor bli litt keisamt viss ein les denne boka frå perm til perm.

Samstundes har forteljingane ei forunderleg breidde. Boka inneheld sjølvsagt dei obligatoriske skøyarstrekane, til dømes ein tiger under senga som elskar cricket og helsar med eit «Yo!», og kenguruen KenguRuth som tek sommarjobb som postbod i Oslo. Men lesaren finn også dei nifse historiene (om ein fot som er laus på taket eller om mystiske røyster på loftet), dei søte forteljingane (om bortkomne tøyhundar eller bortskjemde prinsesser), dei meir stillfarne tekstane (om ein kjærleg far eller ei sjuk bestemor), og ein får kunnskap (om knølkvalar eller gamledagar).

«Godnattboka» møter eit behov, og både forlaget og forfattarane gjennomfører oppdraget med respekt for målgruppa. Viss du først kjøper denne boka, kjem du også til å bruke henne.

PETRA J. HELGESEN

Les også

Siste fra Litteratur

Forlaget Oktober snudde etter protestar frå bergensforfattarar

Forlaget Oktober sa nei til å støtta eit arrangement på Café Opera der deira eiga bok ville fått mykje begeistra omtale av ein mann som Tomas Espedal. No har forlaget snudd.

Seierstad frifunnet
i lagmannsretten

Nå ankes kontroversen rundt «Bokhandleren i Kabul» til Høyesterett.

Litteraturhuset i Odda
får million av Fritt Ord

Pengane går til andre byggjetrinn.

- Vi trives godt der vi er

Skrivekunstakademiet vil ikke flytte til Litteraturhuset.

Frp sikrer litteraturhuset

Enda en million i boks for Litteraturhuset i Bergen. Daglig leder Kristin Helle-Valle er lettet.

Tomas Espedal vant Brageprisen

Tomas Espedal ble torsdag tildelt Brageprisen i klassen skjønnlitteratur for boken «Imot naturen».

bok barnebok
22 ulike forfattarar
«Godnattboka. Nynorske forteljingar»
Skald

Relaterte bilder

Siste fra BT

Siste fra Adressa

Siste fra fevennen

Siste fra aftenposten

Siste fra aftenbladet