Maktdemonstrasjon

Ei sterk påminning om at jenter er like fulle av faen som gutar

«Andre sida av Paris»

Les også:

Likestilling inneber at jenter har fått meir makt – og er like flinke som gutar til å misbruke ho. Dette provar Kleiva i si nye ungdomsbok. Jentegjengen i denne ungdomsskuleklassen vurderer å ta rotta på læraren. Det lukkast ikkje. Så freistar dei å ta rotta på hovudpersonen Susi, det lukkast betre. Jentemobbing handlar om å bli baksnakka, frosen ute frå festar og sjikanert på mobilen. Kleiva er suverent oppdatert på ungdomskulturen. Ho veit at «hore» er det verste skjellsordet jenter brukar på kvarandre. Ho veit at sjølvskading blir stadig meir vanleg. Og at store indre kjønnslepper er det verste ei jente kan vere utstyrt med. At klassen framleis har «heimkunnskap», eit fag som no er omdøypt og sjeldan å finne på tiande trinn, tek eg berre som prov på at Kleiva ikkje er lærar.

Boka er bygd opp av korte, kronologiske tekstar, slik forfattaren plar gjere det. Trass i den knappe stilen ligg kjenslene til Susi som ein verk mellom linjene, bakom replikkar og handlingar. «- Tenkjer du på sjølvmord, seier ho [mora].

Eg løfter blikket og ser på henne. – Ja, seier eg.»

Nytt håp kan kome tilfeldig, som her med ei ny venninne. Med det lettar òg leseopplevinga. Og medan foreldre ikkje plar ha mykje dei skal ha sagt i moderne ungdomsbøker, står denne mora fram med styrke. Ho får stoppa telefonsjikanen ved å true med å melde innringarane til politiet. Men då ho sjølv blir grovt sjikanert av eksen til den nye kjærasten sin, vil ho ikkje ha politi innblanda: «Folk må få lov til å bli litt galne.»

Susi har mindre makt enn dei andre jentene, men ho er med når den småfulle jentegjengen forgrip seg på ein av gutane under ein klassefest. Meir vald blir det når den nye kjærasten til mora blir banka opp av den kvinnelege eks-kjærasten. Eg tykkjer Kleiva slepp desse trådane for lett. Grunnen er nok at ho vil skildre tenåringstida breiare: Ei gryande forelsking høyrer med. Dessutan må Susi finne ut kva ho vil med livet sitt. Ho må lære seg å leve som det vi alle er – sårbare menneske – som alle har evna til vondskap i seg. Boka bør lesast.

GURI FJELDBERG

Les også

Siste fra Litteratur

Kinesiske liv

Velskrevne noveller med mange tilbakeblikk som går ut over historienes nerve og temperatur.

Relaterte bilder

bok/ungdomsroman
Rønnaug Kleiva
«Andre sida av Paris»

Samlaget

Mest lest

TEGNESERIER