Dansk beatpoesi på vestnorsk musikkfestival

Poetisk kampsport og improlyrikk i samspel med lokale aktørar står på programmet på Melkevikfestivalen på Bømlo i helga.

Den danske beatpoeten Claus Høxbroe kjem fredag til Kulleseidkanalen på sunnhordlandsøya for å halda såkalla «poetry slam». Seks poetar les opp sine eigne dikt frå scenen, og publikumsresponsen avgjer kven som går vidare.

Festivalgeneral Geir Ersland var på jakt etter eit innslag utanom det vanlege, og fann Høxbroe då han via nettet leita etter originale poetar.

Kjempar mot lokale heltar
Dansken vil under poesikampen kjempa mot lokale diktarar. Ersland har enno ikkje alle deltakarane klare, men kan nemna at bømlapoet Ole Jakob Totland er blant dei.

- Innslaga vil halda seg på shownivå, med både ferske og meir erfarne diktarar. Det einaste kriteriet er at deltakarane må framføra eige materiale.

Melkevikfestivalen starta for fem år sidan, då som ein fest for vener og kjende av arrangørane. Dei siste tre åra har festivalen auka i omfang, og i fjor løyste 1200 personar billett i løpet av to dagar.

Jazz og improlyrikk
Claus Høxbroe har gitt ut diktsamlinga «Hylet fra Gaden», og vann i 2005 publikumsprisen under den danske diktfestivalen Poesiens Dag.

Laurdag vil han gå saman med musikarar henta frå faglærarutdanninga i jazzmusikk ved Universitetet i Stavanger. Beatpoeten vil på ståande fot framføra dikt med utgangspunkt i stikkord levert frå publikum, medan musikarane vil improvisera tonefølgje til dikta.

Festivalsjef Ersland har sansen for innslag han meiner skil seg ut frå det vanlege på ein musikkfestival.

- Eg trur folk likar å oppleva ting som er litt rare og snodige. Det som blir mest spennande er om folk skjønner kva han seier, spøkjer han.

Elles på programmet til Melkevikfestivalen står blant anna bergenske Kakkmaddafakka og Aftenlandet-vokalist Astrid Kloster Særvolls hyllestkonsert til Kenneth Sivertsen; Spor.

Les også

Siste fra Litteratur

Forlaget Oktober snudde etter protestar frå bergensforfattarar

Forlaget Oktober sa nei til å støtta eit arrangement på Café Opera der deira eiga bok ville fått mykje begeistra omtale av ein mann som Tomas Espedal. No har forlaget snudd.

Seierstad frifunnet
i lagmannsretten

Nå ankes kontroversen rundt «Bokhandleren i Kabul» til Høyesterett.

Litteraturhuset i Odda
får million av Fritt Ord

Pengane går til andre byggjetrinn.

- Vi trives godt der vi er

Skrivekunstakademiet vil ikke flytte til Litteraturhuset.

Frp sikrer litteraturhuset

Enda en million i boks for Litteraturhuset i Bergen. Daglig leder Kristin Helle-Valle er lettet.

Tomas Espedal vant Brageprisen

Tomas Espedal ble torsdag tildelt Brageprisen i klassen skjønnlitteratur for boken «Imot naturen».

Siste fra BT

Siste fra Adressa

Siste fra fevennen

Siste fra aftenposten

Siste fra aftenbladet