Kamuflert slankebok

Barnearbeid mot einsemd og overvekt

«Monstertanta»

Barn burde ete sunnare og ha fleire plikter. Det meiner Monstertanta til Julie (11). Jenta må vere på garden hos tanta i sommarferien medan foreldra er på Kreta for å berge ekteskapet. Her blir det gardsarbeid frå morgon til kveld hos ei tante som praktiserer kommandorop heller enn medkjensle.

«– Eg likar ikkje fisk.

– Mens du er her, likar du fisk.»

Det karikerte monsteret framstår som føredøme på dobbeltmoral der ho røykjande og snusande tvingar Julie til å springe fortare. Barnebøkene har mange slike slemme Tante Pose-kloningar. I «Eggg» av Stein Erik Lunde (1998) lurer tanta egg i maten til eggeallergikar Gilbert. Han set til slutt fyr på henne i ei scene som er blitt eit barnelitterært høgdepunkt.

Kring Julie er rammene meir realistiske. Med dette inngåande skildra gardsarbeidet, har Røssland funne den forma for barnearbeid som har minst vern av sommarpatruljen til LO. Både bestemora og foreldra slit med eigne problem, så Julie overtyder dei omsorgsfullt om at ho har det berre bra. Den handlekrafta ein finn hos hovudpersonane i ungdomsbøkene til Røssland, får trongare kår når jenta ikkje er tenåring. Julie kallar tanta både heks og slavedrivar før ho rømmer – men blir henta inn att.

Etter kvart freistar ho å sjå gode sider hos monsteret og gjere henne til lags. Dei få godorda frå tanta varmar. Dette er psykologisk interessant og truverdig, men samstundes slår tantekarikaturen sprekkar. Lesaren blir tvinga til ein viss sympati også med monsteret. Kan hende er ikkje eit sunnare liv så gale likevel? Endå meir nyansert blir det då bestemor fortel at dette beinrangelet av ei tante ein gong var like trinn som Julie. Slankinga enda med anoreksi.

Er det då sjukleg eller sunt at ho slår så nådelaust ned på snopet til Julie? Prosjektet til Røssland blir både komplisert og uklart. I si første barnebok ser det ut som om ho ikkje heilt har klart omstillinga frå ungdom til barn. Tanta sluttar ikkje å røykje, foreldra finn ikkje att kjærleiken, kalven til Julie bryt foten og døyr – men Julie går ned seks kilo. Ei temmeleg usunn trøyst mot einsemd, spør du meg.

GURI FJELDBERG

Les også

Siste fra Litteratur

Kinesiske liv

Velskrevne noveller med mange tilbakeblikk som går ut over historienes nerve og temperatur.

Relaterte bilder

bok/barnebok
Ingelin Røssland
«Monstertanta»

Samlaget

Mest lest

TEGNESERIER