Tvisynt vegvandrar

Rappe, underfundige diktremser

«"Vi er presens" Erling Indreeide Oktober»

I Erling Indreeide sine dikt finn ein politisk snert, underfundige remser og samtidskommentarar der eit språkleg tvi- og fleirsyn alltid ligg på lur. Indreeide er ein slags anarkist, på parti med mennesket og logikken. Sjølv om dikta har ein fast motivkrins, til dømes vegen og hjartet, fresar dei opp uventa kursar og vender seg mot gjengse oppfatningar.

Dikta pendlar mellom det aforistiske og poetiske, og dei aforistiske sentensane hadde stått seg godt utanfor dikta òg: "Dei set sine spor, vegane, i vandrarane, og fer med dei". Dikta reflekterer i høg grad, og lesaren tek del i den ubundne tankeprosessen: "Eg følgde ein tanke/ til endes, det var ingen/ tanke der". Indreeide er på vakt ovanfor stivna avbildingar, re-presentasjonar. Dikta jaktar det rørlege, livet, hendinga – som utfaldar seg i presens, der ein frigjer seg frå systema og kategoriane som fangar og forstummar. Indreeide lukkast med å setje nokre abstrakte omgrep på spel i poesien, fordi han kvesser og bryt dei mot det konkrete.

Opningsdiktet handlar om menneskeleg sporsetjing. Om korleis me med arrogansen vår meiner å kjenne til at framtida kjem til å handsame oss slik me no handsamar fortida vår: "Eg tenkte på Europa og Roma og ruinar/ som pressar metroen ned av age/ for framtidig arkeologi". I staden for å dvele ved det tapet tida uomgjengeleg produserer, snur dikta seg til moglegheitene ho byd på: "Aldri finn du ord/ att i den stand/ du forlét dei". Det er ikkje berre i diktet "Kunnskapsvolumet" at det såkalla kunnskapssamfunnet si naive tru på kunnskapsvokster blir avvæpnande avslørt. Me høyrer òg om "greinfestet på kunnskapens tre". Kunnskapen i Bibelsk forstand er ikkje instrumentell, men tvitydig, ein kunnskap om godt og vondt, som altså inneheld ei moralsk forplikting.

Tida som går gjer det mogleg å bruke orda på nytt, utan at dei blir ein bleik kopi av ein annan gong. Slik Indreeide gjer med motivklynga; i løpet av samlinga broderer poeten på dei, og avdekkjer nye kantar og vinklar. Og poeten gler seg, vemodig-ironisk, over korleis tida òg fornyar: "Eg har fått/ meg ny kone, for før// hadde eg/ ei ung kone, men no //ei ganske gammal/ ei".

 

Les også

Siste fra Litteratur

Blogghistorie med huller

Kristian A. Bjørkelos bok om norsk blogghistorie inkluderer dessverre ikke ekstremister som Eivind Berge eller narsissisten Fotballfrue.

Mordatter

Felicia Feldt tar et hatefullt oppgjør med sin mor, oppdragelsesguruen Anna Wahlgren. Boken viser at nærgående familieskildringer kan få konsekvenser for egne barn.

Hell i uhell

Radarparet Landström har utvikla ein ny figur for dei minste. Gut eller jente? Den svenske kjønnsdebatten har nådd biletboka.

Relaterte bilder

Mest lest

TEGNESERIER