Reisande i død

Makaber mystikk i gammalmodig stil

«Nekronauten»

Ingen skal skulde debutanten Lajla Rolstad for å gjere som alle andre. Ho skriv ikkje om dop og data og internasjonal terror i ei gjenkjenneleg samtidsramme. Dop skriv ho rett nok litt om, men frå ei tid lenge før ordet var oppfunne. Handlinga er nemleg lagt hundre år eller så tilbake i tid, til Londinium, hovudstaden i imperiet Grandbretan.

No er likskapen med det verkelege Storbritannia likevel ikkje gjennomført, for i dette fantasilandet er det m.a. strenge vintrar og høve til å leige hundespann for den som vil. Og det vil dei to sjølvoppnemnde etterforskarane, begge legar, begge gjennomførte gentlemen med sans for sigarar, stive snippar og ditto pjolterar. I deira selskap blir vi ført inn i eit overklassemiljø der dei mørkaste gjerningar går for seg bak ein fasade av mondene omgangsformer. Det skjer fleire drap, det eine meir bestialsk enn det andre, men det verste er at dei ikkje kan forklarast rasjonelt. Korleis kan eit lik t.d. gå i oppløysing av forrotning på berre nokre timar?

«Nekronauten» har den gotiske romanen sine element av skrekk og gru og spøkeri, og desse ingrediensane er like viktige som sjølve krimmysteriet. I tillegg bruker forfattaren mykje plass på å dvele ved gamle krimklisjear, som kampen mellom den superintelligente og analytiske legen og den underlegne politimannen, eller nifse nattevandringar under bleike gasslykter.

Somme tider blir det vel lite framdrift for denne lesaren, men koloritten er autentisk nok. Den gammalmodige stilen fungerer også godt, og tener til å gjere tidsbiletet tydeleg. Eit frieri som endar med «vil De gjøre meg den ære å bli min hustru?» er det neppe meininga at vi skal smile av, og det gjer vi ikkje om vi godtar dette som etterlikning av litteratur frå ei annan tid.

Då kan vi også ta alvorleg formuleringar som «Ansiktet hans sprakk i et giftig glis» eller «Hjertet mitt dunket høylytt av spenning». Dette er ikkje teikn på litterær originalitet, men i denne samanhengen verkar orda velvalde. Lajla Rolstad har langt på veg skrive ein roman på den gamle grøssaren sine premissar, og ho har gjort det med stil.

AUDUN SJØSTRAND

Er du enig med vår anmelder? Si din mening her:

Les også

Siste fra Litteratur

Kinesiske liv

Velskrevne noveller med mange tilbakeblikk som går ut over historienes nerve og temperatur.

Relaterte bilder

bok/krim
Lajla Rolstad
«Nekronauten»

Gyldendal

Mest lest

TEGNESERIER