Nobelkomiteen vurderer Fosse

Svenska Akademien har reidd grunnen for at Jon Fosse kan få Nobels litteraturpris. BT er gjort kjent med at komiteen no har han til reell vurdering.

Bergens Tidendes eigen kulturmedarbeidar og teaterkritikar, Jan H. Landro, har meldt stykka til Jon Fosse dei siste sju-åtte åra og følgt forfattarskapen sidan debuten i 1983. Med ein nær kontakt til Nobelkomiteen som kjelde, fortel han at Svenska Akademien allereie har skaffa seg bøkene til Fosse. I tillegg har minst ein Fosse-kjennar halde føredrag om forfattaren for Akademien.

- Då er du i Nobel-posisjon, seier Landro.

Fleire aviser har spekulert over om ikkje Jon Fosse snart var klar for Nobelprisen i litteratur, men opplysningane om at komiteen faktisk har tatt han opp til vurdering, er heilt nye.

Men Landro er rask med å minna om at vegen derifrå til ein eventuell Nobelpris, er lang.

- Dette er ein prosess som går over år, understrekar han. - Men at Fosse er vår nærmaste Nobel-kandidat, det er heilt sikkert. Nobelkomiteens vurdering er eit klart uttrykk for den posisjonen Fosse har nådd.

«Samtidsklassikar»
Fosse sjølv er travlare enn nokon gong. I morgon har han nok ein urpremiere - denne gongen på Deutsches Theater Berlin (DT), statsteateret i det gamle Aust-Tyskland. Jan Bosse har regissert stykket «Heiss», eller «Varmt», som det heiter på norsk.

Therese Bjørneboe, teaterkritikar og redaktør av «Norsk Shakespeare- og teatertidsskrift», bur store delar av året i Tyskland og kjenner det europeiske teatermiljøet godt. Ho fortel at DT er kjend for å ha gode og viktige regissørar.

- Det er gledeleg at Fosse blir sett opp på DT, seier Bjørneboe. - Eg synest ikkje Schaubühne har følgt opp Fosse så mykje som det såg ut til at dei ville gjera då han debuterte der i 2000.

Sjølv bruker Bjørneboe uttrykket «samtidsklassikar» om den posisjonen Fosse har nådd som skodespelforfattar. Han skriv samtidsdramatikk, men elleve år etter debuten har han allereie fått klassikarstatus i verdas teatermiljø.

Forventningar til Fosse
Her heime er me blitt så vane med å ha eksportert ein dramatikar i verdsklassen at me kanskje har mista målestokken av syne. Kva inneber det eigentleg å ha ein urpremiere i samtidsdramatikkens hovudstad? Me spør Bjørneboe om det i dette tilfellet er til størst ære for teateret eller Fosse?

- For Deutsches Theater! Men me har ikkje sett kritikkane enno. Lista ligg høgt etter gode oppsetningar ved andre tyske teater tidlegare.

Teatermiljøet har forventningar til nye Fosse-stykke stadfestar Bjørneboe.

- Ja, det er klart. For nokre år sidan venta teaterfolk på at han skulle skriva i hovudsceneformat, med fleire roller mellom anna. Men dét er det mindre snakk om no. Når det gjeld forventningar elles, knyter vel dei seg til kor mykje vidare han kan koma.

Ifølgje Landro kappast teatra no om å få Fosse-premierer. Han skriv knapt anna enn bestillingsverk, og har oppdrag for år framover. Til saman er han sett opp på rundt 200 scener i nærare 45 land.

Følgjande fakta gir også eit inntrykk av kor aktuell Fosse er: I 2004 gjekk det ikkje éin einaste teaterarbeidsdag utan at eitt eller fleire stykke av Jon Fosse blei spelt på ein eller annan teaterscene i verda. Eitt og same året er han blitt spelt på 140 ulike scener i 40 ulike land.

Les også

Siste fra Litteratur

Her tisset Wilhelmine
over rekkverket

I en ny bok om Agnar Mykle, blir de mange hyblene hans i Bergen lokalisert.

Lager film om Shakespeares skjulte koder

Jørgen Friberg mener at en annen forfatter sto bak bøkene.

Günter Grass erklært uønsket i Israel

Den tyske forfatteren Günter Grass er blitt erklært uønsket i Israel som en reaksjon på et dikt hvor han omtaler landet som en trussel mot verdensfreden.

Rivertonprisen til Torkil Damhaug

Den førtiende Rivertonprisen går til Torkil Damhaug

Rivertonprisen til Torkil Damhaug

Torkil Damhaug er tildelt Rivertonprisen 2011 for boka «Ildmannen».

«Eg trur ingen får taket på Hovland. Då misser du han.»

Halvor Folgerø og Finn Tokvam på leit etter mannen bak myten.

Relaterte bilder

ETTERTRAKTA: I morgon har Nobelpris-aktuelle Jon Fosse urpremiere på det prestisjetunge Deutsches Theater Berlin. FOTO: Helge Hansen