-
<b>TIDTRØYTE:</b> Stundom kunne Olav H. Hauge finne skulen keisam. Då nytta han tida til å teikna karikaturar.
-
<b>ARKIV:</b> I desse kassane låg m.a. dikt, notisbøker, hefte og originalmanuskript.
Hauge-materiale i gode hender
Nasjonalbiblioteket ville gjerne ha kloa i dei fire fruktkassane frå Olav H. Hauge, men no er materialet etter poeten plassert der det høyrer heime - på Universitetsbiblioteket i Bergen.
Publisert:
Oppdatert:
JAN H. LANDRO
EIRIK BREKKE (foto)
Her finn ein stilbøker frå skuletida, kladdar og ulike variantar av dikt, notisbøker, hefte som syner korleis trykte og utrykte Hauge-dikt har endra seg fram til endeleg form, og 41 bunkar med originalmanuskript til alle diktsamlingane hans. Også manuset til samlinga «Seljefløyta», frå 1938, som han fekk refusert.
Formelt
Då kassane, grå med Gartnerhallens grøne striper, formelt vart overleverte i går, var rett nok ikkje gjevaren til stades. Det er Bodil Cappelen, enkja etter diktaren frå Ulvik, som har skjenkt materialet til UB. Men Hauge-biografen var der, og Knut Olav Åmås gav frå seg kopiar av over tusen brev som han har fått tilgjenge til under arbeidet med biografien. Frå før har UB motteke om lag 2500 originaldokument, det meste brev, som Hauge-kjennaren og -venen Idar Stegane har samla inn mesteparten av.
Bibliotekdirektør Kari Garnes lova å ta vel vare på materialet og gjera det tilgjengeleg for dei som vil forska på det.
«Skandale»
Endå om det var vellæte og godord, tillet sjefredaktør Sverre Tusvik i Samlaget seg å minna om den første gongen Universitetet i Bergen fekk overlevert Hauge-materiale. Då blei det tatt imot av ein kar i lagerfrakk og trillevogn og berre køyrt vekk. Det fekk Jan Erik Vold til å nytta ordet skandale. Men no kjende Tusvik seg viss på at UB er medvitne om kva slags skattkiste dei sit på og at materialet kan gje ein interessant kikk inn i verkstaden til forfattaren.
- Dette aukar den forskingsmessige verdien og sjansen for at forfattarskapen vil bli forska på, slo Idar Stegane fast. Han tillet seg òg å meina at det er ikkje som det skal vera når originalmanuskriptet til Hauges Dagbøker ligg i Nasjonalbiblioteket.
- Men dei tek sikkert vare på det, dei òg, trøysta han seg med.
Lydbandopptak
Knut Olav Åmås opplyste elles at han har oversikt over Hauge-materiale han veit eksisterer, men som han ikkje fekk tilgjenge til då han arbeidde med biografien. Frå arbeidet sitt har han dessutan hundre timar lydbandopptak i form av intervju med kjelder, og dette vil han deponera på UB.
Åmås framheva kva for ei rik kjelde Hauge-stoffet er for litteraturvitarar som vil undersøkja korleis mange av dikta utvikla seg frå utkast til endeleg versjon. Det gjeld også dei fleire hundre enno upubliserte dikta frå Hauges hand. Somme av desse er fullt på høgd med anna som er utgitt, meiner Åmås.