Ekte heltinne

Karakterdriven krimserie med snert

«Englejakt»

Engel Winge kom køyrande inn i norsk ungdomslitteratur i fjor på mopeden sin, og no er bok nummer to om ho ute. Engel er 17 år og jobbar som journalist i lokalavisa Bladet Tysnes. På eige initiativ har ho ein hang til å grave fram kriminelle ugjerningar.

Ho er uredd, sta og smart, og løyser gåter i kjend detektivstil. Dei slåande replikkane hennar er morosame og ho overraskar stadig, hovudkarakteren er derfor lett å beundre og bli glad i. Engel Winge er ei ekte heltinne fordi ho er så kompleks og eigenrådig.

Noko har gått føre seg på Marøya utanfor Tysnes. Når synske Connie frå tv-serien «Åndenes makt» er der på reportasjetur med Bladet Tysnes, kjenner ho smerte og «ser» ein hund og ein mann i regnklede. Engel er skeptisk, men byrjar å pirke i historia til Marøya.

Avrusingstiltaket «Lyset og Vegen» låg her før, og den kristne familien som dreiv det, lever no eit tilbaketrekt liv på uføretrygd. Kva var det som gjorde at dei plutseleg la ned tiltaket og forlét øya?

Engel og makkar Alf nøstar opp trådane, men like spennande er det å følgje Engel på privaten. Ho bur hos den alternative og marihuana-røykjande bestemora si fordi diplomatpappaen bur i Tokyo og mora er død. No vil faren at ho skal flytte til Berlin saman med han, og inviterer ho med dit ei helg.

Opplevingane i storbyen blir altfor utrulege, og altfor fort får ho ein medsamansvorne, nesten for ein veslebror å rekne, i svensken Marco. Denne karakteren får aldri kjøt og blod på kroppen, i motsetnad til journalistkollega Alf som står fram som ein heilskapleg type.

Ungkaren Alf har bleikja musetenner, og går i tettsitjande klede for å vise fram den veltrena kroppen sin. Han får gjennomgå av Engel, og dei ironiske og kjappe kommentarane dei slengjer seg i mellom, er kosteleg lesnad.

Bøkene om heltinna Winge er ein karakterdriven serie, og Engel, bestemora og Alf er gode grunnar til å kaste seg over den avsluttande boka i Engel-trilogien når den kjem neste år. «Engleslakt» heiter den, og eg håpar Tysnes er åstad for heile handlinga.

KRISTINE ISAKSEN

Er du enig med vår anmelder? Si din mening her:

Les også

Siste fra Litteratur

Relaterte bilder

bok/ungdomsroman
Ingelin Røssland
«Englejakt»

Det Norske Samlaget

Mest lest

Alexander Dale Oen er død

Den kjente svømmeren Alexander Dale Oen (26) fra Øygarden døde brått tirsdag morgen.

Denne hytten kan du få gratis!

Are Stensland gir bort denne hytten som står på Sotra. Det er bare en hake.

Gunnar ble lagt i jern ved Bybanen

Gunnar Aasbø skulle hjem fra byen, og skulle betale med KontantSkyss-kortet sitt. Vekterne nektet. Det endte med at han ble påsatt håndjern og tatt med av politiet.

Kjent bergensmusiker savnet

Per Kristian Slåttli er savnet etter at han ble borte sent mandag kveld. Han er medlem i et av Bergens mest kjente og respekterte band.

Denne sjåføren glemte noe viktig

- Da jeg fløytet på henne, vinket hun så fint tilbake, sier Anders Rolland som kjørte bak boss-spannsjåføren.

TEGNESERIER