Får ukjende kvinner fram i ljoset
Folkemusikar Sigrid Moldestad trekkjer ukjende kvinner fram i ljoset. Framsyninga «Taus» er om kvinnelege folkemusikkpionerar på Nordvestlandet frå 1730 til 1900.
AV: olav gorseth
– Samuline Seljeset frå Hornindal er den mest kjende av dei vel 30 som er registrerte som omreisande kvinnelege spelemenn i Nordfjord og på Sunnmøre. Og ho har sett sterkast spor etter seg, det finst mellom anna ei rekkje springarar etter henne. Så ho er stjerna i framsyninga, fortel Moldestad.
– Og så har eg dikta litt rundt kva folk i bygdene kan ha tenkt og korleis dei reagerte på dei omreisande kvinnelege musikarane. Det er mykje som tyder på at dei var respekterte og godt likte. Men det heiter og at mannen til Samuline ofte vart sur og gretten når ho tok med seg fela og steig til hest for å dra på spelferd. Mannen fekk ta hand om hus og heim og born så lenge. Ikkje så ulikt slik mannen min har det, forresten...
Alle søstrene spelte
– Kvifor var det såpass mange kvinnelege felespelemenn i dette området?
– Ikkje godt å seie. Folk var vel knapt noko meir frisinna her enn elles i landet, men dei kvinnelege musikarane var tydeleg sosialt aksepterte. Sjølv enkelte prestar skriv vel om jenter som spelar fele i denne gullalderen. Ein finn kvinner som reiste rundt med fela andre stader i landet og. Blinde-Sigrid i Gudbrandsdalen og Olea Krøger i Telemark er to døme.
Men det var berre i Nordfjord og på Sunnmøre at dei var så mange. Her heiter det om enkelte at alle søstrene deira og spelte. Så det var nok ein lang tradisjon for det, spesielt i enkelte slekter. I Hornindal fekk dei ikkje kyrkje før i 1860, kanskje det kan forklara litt...
Den farlege fela
– Og så ebba det heile ut rundt 1900?
– Det kom ei bølgje med vekkelsar på den tida. Samstundes kom fråhaldsrørsla og idear frå kontinentet vart utbreidde. Så då laut kvinnene gjere ting som sømde seg betre enn å spele fele. Folk vart redde for fela under denne religiøse oppvakninga, kvinnene og. Dei vart tause. Mennene tok over.
Sjølv kjem Moldestad frå Breim. Også der har kvinner før henne traktert fela.
– Eg har funne ei historie om Akseline Kvile, som spelte seg sjølv til kyrkja då ho skulle gifte seg. Det skjedde seint på 1700-talet. Eg har og funne ei som tok med seg borna sine på spelferd. No har eg arbeidd intenst med dette i eitt år, og endå har eg berre rispa i overflata. Det er så mykje meir å hente, så eg har lyst til å gå endå djupare.
Meining i notida
– Kva har dette å seie til menneske av i dag?
– Det er lokal og gammal historie. Eg meiner det er viktig å få denne historia fram i ljoset og at den kan gje meining i notida. Ein treng ikkje å reise langt for å finne kvinner som ikkje får utfalda seg og talenta sine i dag. Historier om frie og sterke kvinner trengst, også om dei er frå ei gammal tid. Det var forresten ikkje berre enkelt å vere jente og spele fele når eg vaks opp heller. Men det har endra seg.
Les også
Siste fra Konsert
Relaterte bilder
MUSIKARANE I «TAUS»: Sigrid Moldestad skryter av musikarane ho har med seg på «Taus». Frå venstre Sigbjørn Apeland, Jørgen Sandvik og Anders Hall. FOTO: Jan M. Lillebø
Fakta/«Taus»
- Kombinasjon av slåttar etter kvinnelege spelemenn og musikk som Moldestad har skrive.
- Moldestad fortel om dei kvinnelege pionerane.
- Premiere i Bergen fredag 13. april. Seinare nypremiere under Folkemusikkfestivalen i Førde.
- Turné hausten 2007.
- Musikken skal etter planen ut på plate.
Mest lest
Alexander Dale Oen er død
Den kjente svømmeren Alexander Dale Oen (26) fra Øygarden døde brått tirsdag morgen.
Denne hytten kan du få gratis!
Are Stensland gir bort denne hytten som står på Sotra. Det er bare en hake.
Gunnar ble lagt i jern ved Bybanen
Gunnar Aasbø skulle hjem fra byen, og skulle betale med KontantSkyss-kortet sitt. Vekterne nektet. Det endte med at han ble påsatt håndjern og tatt med av politiet.
Kjent bergensmusiker savnet
Per Kristian Slåttli er savnet etter at han ble borte sent mandag kveld. Han er medlem i et av Bergens mest kjente og respekterte band.
Denne sjåføren glemte noe viktig
- Da jeg fløytet på henne, vinket hun så fint tilbake, sier Anders Rolland som kjørte bak boss-spannsjåføren.
TEGNESERIER
-
«Tidenes vittigste grøsser»
1 2 3 4 5 6«The Cabin in the Woods»: Skrekkfilmen dekonstruert i kreativt blodbad. -
«Litt for overdådig gotisk såpeopera»
1 2 3 4 5 670-tallet møter vampyrfilmen i en ikke helt vellykket miks -
«Scener fra en skilsmisse»
1 2 3 4 5 6Tango, rødvin og kjærlighet i uelegant forening -
«Øm barndomsskildring»
1 2 3 4 5 6«Tomboy»: Åpen lek med kjønnsidentitet. -
«Burma - en kjærlighetshistorie»
1 2 3 4 5 6Melodramatisk om Aung San Suu Kyi
-
«Suser av gårde»
1 2 3 4 5 6Her er en låt du må høre. -
«Bergensk Duracell-metal»
1 2 3 4 5 6Et musikalsk bankebrett fra Tortorum. -
«Det svarte alvor»
1 2 3 4 5 6Forblåst hypnosekunst fra Bergen. -
«Brutal boogie»
1 2 3 4 5 6Syng en sang om tungt maskineri. -
«Kjør meg gjennom natten»
1 2 3 4 5 6The Chromatics styrer deg rett inn bakrusen fra 1985.
-
«Festkveld av det gode, gamle slaget»
1 2 3 4 5 6Bunnsolid med høy luftgitarfaktor. -
«Trivelig fra Leon Russell»
1 2 3 4 5 6Koselig møte med gammel helt, men heller ikke noe mer. -
«I det fredsæle hjørnet»
1 2 3 4 5 6Vakkert, melankolsk og svært langsomt. -
«Diskoparty a la Koengen»
1 2 3 4 5 6Fungerer utmerket til sitt bruk – men ble slitsomt i lengden, mener vår anmelder. -
«Motorpsycho rodde det hele trygt i land»
1 2 3 4 5 6Seiler skuten på trygt vann - for det meste.
-
«Morsomme scener fra kattens liv»
Enkelt, men ikke lettvint -
«Beckett i Bergen»
Utfordrende språk, fattig scenekunst. -
«Historier skrevet i olje »
Nært møte med oljeutvinning, makt og mennesker. -
«Det farlige språket»
Krevende både for publikum og skuespillere. -
«UKErevyen bedre enn noensinne»
1 2 3 4 5 6Mye å glede seg over. Mye å le av.


