Oratorium utan aldersgrense

Ei vellukka urframføring.

av Espen Selvik
«Oratoriet «Abraham»»


Oratoriet «Abraham» finn stad i ørkenen i Egypt. Parallelt med folkelege melodiar bruker Selvik også moderne komposisjonsteknikk. Det gjorde urframføringa spanande. Fleire parti hadde likskapstrekk med Egypt-operaen «Akhnaten» av den kjende amerikanske komponisten Philip Glass. Det gjeld også bergensaktuelle Iron Maiden sine melodiske skildringar av ørkenen i Egypt. Andre stader i oratoriet veksla komponisten heilt over til neoklassistisk stil.

Sjølv i ei framføring utan scenografi klarte det store ungdomsensemblet å gjere det golde landskapet levande - gjennom tonane til Selvik.

Helge Jordal var eit godt val som patriarkalsk forteljar. Det var forvitneleg å høyre han lese med dramatisk røyst frå Første Mosebok. Den same dramatikken meistra orkesteret å illustrere gjennom ulike musikalske grep: røffe strykarparti blei kombinert med gjallande slagverk. I dei lyriske partia fekk det unge orkesteret vist at dei meistrer også andre uttrykk. Sjølv om både kor og orkester strevde med intonasjonen enkelte stader, hadde ikkje det noko å seie for heilskapen.

Det rusfrie vorspielet til Brann-kampen var godt besøkt, og dei mange frammøtte vart ikkje berre rørt av musikken. Det sosiale ved prosjektet var unikt. Pur unge orkestermusikarar spelte med godt vaksne koristar. Urframføringar som involverer amatørmusikarar i så ulike aldersgrupper, er ei sjeldan oppleving i Bergen.

MELDT AV NICHOLAS H. MØLLERHAUG















Les også

Siste fra Konsert

Oratoriet «Abraham»
av Espen Selvik, urframføring
Resitasjon: Helge Jordal, Sopran: Veslemøy Fluge Berg, Tenor: Sergey Braga
Hordaland Ungdomssymfoniorkester, Skala Brass Band, Mannskoret Brage, Jentestemmer
Dirigent: Espen Selvik

Mest lest

TEGNESERIER