BFO til Proms

Bergen Filharmoniske Orkester er inviterte til prestisjefylte BBC Proms Festival i London neste år. Også Concertgebouw i Amsterdam og Musikverein i Wien står på turneplakaten.

«In 2007 we have been given a concert date in a certain round building in London, as part of a famous summer series that I'm not allowed to speak about.»

Andrew Litton er passeleg hemmeligheitsfull i intervjuet han nyleg gav til avisa The Times. Den runde bygningen han snakkar om er Royal Albert Hall, og sommarserien er den viktige festivalen for klassisk musikk, BBC Proms. BBC Proms presenterer kvar sommar eit 70 tals konsertar, og BFO skal ha blitt inviterte dit i august 2007. Også konserthuset Concertgebouw i Amsterdam skal ha meldt interesse, og det ligg an til at BFO held konsert der kvelden før konserten i London.

BFO har dei siste åra satsa på å etablere seg som namn også utanfor Noreg. I fjor fekk orkesteret status som husorkester ved konserthuset i Wien og dei heldt tre store konsertar der. No tyder alt på at dei vil bli inviterte tilbake til den større og meir prestisjetunge nyttårskonsertsalen Musikverein i 2008. Vidare skal orkesteret til Madrid og Valencia i Spania i mai, og til New York og Washington i november.

Direktør Lorenz Reitan er noko tilbakehalden med opplysningane, sjølv om han er tydeleg stolt.

– Etter det vi erfarer kan det vere aktuelt å skrive kontrakt med dei spelestadene du nemner ja. Men framleis er ikkje alt som skal signerast signert, for å seie det sånn, ler han.

Både Royal Albert Hall, Concertgebouw og Musikverein er prestisjetunge arenaer som det gir status å spele i for eit orkester frå eit stille hjørne av verda.

– Det skjerpar det musikalske nivået vårt når vi spelar på slike arenaer. Vi blir målte og vegne av andre kritikarar enn dei i BT og BA, og det er klart at det aukar prestisjen vår også, seier Reitan.

BFO fekk nyleg ei stor sponsorkontrakt med ein leiande bank, og dette er med på å gjere det mogleg å reise ut av landet. Når større orkester av denne typen legg ut på turné, står vanlegvis avsendarlandet og ulike sponsorar for ein vesentleg del av finansieringa. At finansieringa er på plass er likevel sjølvsagt ikkje nok for å bli inviterte til dei tunge arenaene.

– Det er klart at viljen har vore der lenge, men no har vi også økonomisk evne. Samtidig merkar vi at fleire agentar tek kontakt med oss enn før og ønskjer å invitere oss ut, og det er lenge sidan vi har hatt så gode sjansar som no til å markere oss ute, seier BFO-direktøren.

Les også

Siste fra Konsert

Tungt på Festningen

Slayer, Mastodon og Gojira kommer til Bergen.

- Kanskje eg skal skrive ein song i Bergen?

YouTube-fenomenet Tommy Emmanuel er ikkje heilt som andre gitarheltar.

Se dem direkte her i kveld!

Lars Vaular og John Olav Nilsen spiller med Harmonien klokken 19.

- I kveld klaffer alt

Interessen foran klubbarrangementene til Nabovarsel har aldri vært større.

Klar for Bergenfest

Fra soul til viser, metal og avkommet til en britisk rockelegende. Bergenfest 2012 begynner å ta form

Verdens største kor?

Pingviner i Antarktis får gratiskonsert i forbindelse med Amundsens 100-årsjubileum til Sydpolen.

Relaterte bilder

FOTO: JAN M. LILLEBØ

Mest lest

TEGNESERIER

Dette deler våre lesere på Facebook:

Siste bergenpuls