• Filmtrailer: Son of Rambow

    Filmtrailer: Son of Rambow

    VIDEO:

Den minste actionhelten

Fint om vennskap og fantasi

123456
«Son of Rambow»

Les også:

Etableringa av ein usannsynleg vennskap mellom to svært ulike skulegutar utgjer ramma for denne forteljinga frå 80-talets England. Forsiktige Will Proudfoot (Bill Milner) er med i den kristne sekta «Plymouth Brethren», og følgjer strenge reglar han har med seg heimefrå. Mellom anna får han ikkje lov å sjå fjernsyn, og må dermed setja seg på gongen kvar gong klassen hans skal sjå ein dokumentar. Det er her han ein dag blir konfrontert av den mest bøllete pøbelungen på heile skulen - Lee Carter. Han har frie tøyler heime, og er Will si rake motsetjing.

Bølle-Lee tvingar snille-Will til å vera stuntmann i actionfilmen hans. Etter å ha sett Sylvester Stallone på video i «Rambo - First Blood», blir Will frelst på actionhelten, og byrjar å fantasera om å vera Rambo sin heltemodige son.

Will boblar over av idéar, og dei to set i gong med å laga filmen «Son of Rambow», som skal sendast inn til ein konkurranse på BBC. Det stemmer; her finn me ein film i filmen, attpåtil med same namn. Skrivefeilen har visstnok med rettar å gjera.

Amatørfilmen gjer at den tidlegare så einsame Will blir den mest populære guten på skulen. Dette set vennskapen med Lee på prøve.

Dei mange sekvensane der dei to driv med filmopptak er til å le høgt av, og her er fleire andre morosame situasjonar.

Regissør og manusforfattar Garth Jennings klarar å skildra ungt vennskap på ein fin måte. Gjennom forseggjorde animasjonssekvensar blir me tatt inn i hovudpersonen Will si kreative fantasiverd. Både vaksne og ungar vil kjenna seg igjen i korleis det er å vera liten med ein grenselaus fantasi.

Dei unge skodespelarane gjer ein god jobb, og særleg Will Poulter er glimrande i rolla som Lee Carter. Guten som først framstår som eit irriterande bøllefrø, blir avdekt som ein kjenslevar karakter me får sympati med.

Handlingsløpet er stort sett ganske lett å føresjå, og eg saknar dei store vendingane. I tillegg tar det si tid før plottet byrjar å røra på seg. Men dette er ein triveleg film for store og små - ikkje minst er slutten rørande.

HARALD ESPELAND

Er du enig med vår anmelder? Si din mening her:

Les også

Siste fra Film

Relaterte bilder

LILLE-RAMBO: Amatørfilmen gjer at den tidlegare så einsame Will (til h.) blir den mest populære guten på skulen. Dette set vennskapen med Lee på prøve. FOTO: Filmweb

Fakta

film/komedie
«Son of Rambow»

Regi: Garth Jennings
Storbritannia, 11 år
1 time 37 minutt

Mest lest

TEGNESERIER