-
PAKT: De to jentene i hovedrollene inngår en selvmordspakt – men så blir de kjent med hverandre.FOTO: FILMWEB
Varierande effekt
Velspilt og rått klippa, men antiklimatisk.
AV: andreas hadsel opsvik
Internett er ein stad der alle kan finne felles interesser. Anten det er snakk om djupe samtalar over raudvin, glede i eit spel, eining om politiske meiningar eller ei spesiell interesse, finst det garantert eit forum der ute for det. Dette er sjølvsagt både positivt og negativt, noko som og vert trekt fram i filmen «Bambieffekten».
Veronica og Cecilie treff kvarandre på nettet, og inngår ei sjølvmordspakt. Saman dreg dei til Veronica si familiehytte. Med seg har dei eit videokamera for å dokumentere tankar og hendingar frå sine siste dagar, slik at familie og vener kan sjå kvifor dei gjorde valet sitt. I løpet av helga visar det seg derimot at dei ikkje er så like som dei trur.
Les også
Denne stilen vart popularisert med «The Blair Witch Project», og er som oftast nytta i skrekkfilmar, men der stansar den største likskapen med denne sjangeren. I likskap med for eksempel fjorårets «Trolljegeren» vert illusjonen broten ganske raskt på grunn av kjende skodespelarar. Men det skapar ein heilskap som eg ikkje vart dregen ut av, og ei nærleik til rollefigurane. Eg trur dog at filmen kunne ha fungert like godt i eit tradisjonelt filmuttrykk.
I ein så spartansk produksjon som «Bambieffekten» er skodespelarane alfa og omega. Filmen er befolka av ei handfull skodespelarar som du mest sannsynleg har sett før i ein eller anna samanheng - alt frå reklamar til «Max Manus». Viktoria Vinge («Reprise») og Julia Schacht («Naboer») er filmens to hovudpersonar, og utgjer eit godt rammeverk for filmen som to motståande personlegheiter. Kristoffer Joner - som endeleg er attende frå meir «diverse» roller - er tilbake der eg likar han, som ein mann som ikkje snakkar særleg før han verkeleg må. Og for ein tordentale!
Regissør Øystein Stene og manusforfattar Linda Gabrielsen gjekk tidlegare i juli ut i ein kronikk der dei sa at Nasjonalt senter for selvmordsforskning og -førebygging hadde sagt nei til eit samarbeid med filmskaparane av frykt for smitteeffekt frå filmen. Men det er nettopp å glorifisere sjølvmordet «Bambieffekten» ønskjer å unngå. I det som ender opp med å bli ei av filmens sterkaste scener forklarar rollefiguren til Kristoffer Joner akkurat kva som skjer når ein freistar å ta sjølvmord, når kroppen stretar i mot avgjerda sinnet har teke. Det er visst ikkje eit vakkert syn.
Resultateter altså ein film som sit igjen i kroppen ei stund etter du har sett den. Kombinert med sterke rolletolkingar er det absolutt ein film det er verdt å sjå. Det slår meg at filmens uttrykk kanskje i større grad er ein gimmick enn eit val, men det fungerer for «Bambieffekten». Nokre antiklimaktiske scener trekk ned, og spesielt slutten kom raskt og etterlét meg skuffa og spørjande, som ein tenåring som har reist handa opp for ein high five utan å få respons.
Som forfilm får du sjå Øystein Stene sin kortfilm «I siste augneblink». Nokon vil kanskje hugse den som Wenche Foss si siste rolle før ho døydde. Den er ei lita perle med nokre finurlege filmreferansar, og er ei interessant - om enn litt plutseleg - introduksjon til «Bambieffekten».
Einig med vår anmeldar? Sei di meining her!
Les også
Siste fra Filmanmeldelser
-
«Tidenes vittigste grøsser»
1 2 3 4 5 6«The Cabin in the Woods»: Skrekkfilmen dekonstruert i kreativt blodbad. -
«Litt for overdådig gotisk såpeopera»
1 2 3 4 5 670-tallet møter vampyrfilmen i en ikke helt vellykket miks -
«Scener fra en skilsmisse»
1 2 3 4 5 6Tango, rødvin og kjærlighet i uelegant forening -
«Øm barndomsskildring»
1 2 3 4 5 6«Tomboy»: Åpen lek med kjønnsidentitet. -
«Burma - en kjærlighetshistorie»
1 2 3 4 5 6Melodramatisk om Aung San Suu Kyi
-
«Suser av gårde»
1 2 3 4 5 6Her er en låt du må høre. -
«Bergensk Duracell-metal»
1 2 3 4 5 6Et musikalsk bankebrett fra Tortorum. -
«Det svarte alvor»
1 2 3 4 5 6Forblåst hypnosekunst fra Bergen. -
«Brutal boogie»
1 2 3 4 5 6Syng en sang om tungt maskineri. -
«Kjør meg gjennom natten»
1 2 3 4 5 6The Chromatics styrer deg rett inn bakrusen fra 1985.
-
«Gripende øyevitneskildringer»
Far og datter Sønstelie gir en mangefasettert skildring av massakren på Utøya. -
«Rapport fra helvete»
-
«Det litterære Norge responderer»
Med varierende kraft om den verste ugjerningen i Norge siden krigen.
-
«Festkveld av det gode, gamle slaget»
1 2 3 4 5 6Bunnsolid med høy luftgitarfaktor. -
«Trivelig fra Leon Russell»
1 2 3 4 5 6Koselig møte med gammel helt, men heller ikke noe mer. -
«I det fredsæle hjørnet»
1 2 3 4 5 6Vakkert, melankolsk og svært langsomt. -
«Diskoparty a la Koengen»
1 2 3 4 5 6Fungerer utmerket til sitt bruk – men ble slitsomt i lengden, mener vår anmelder. -
«Motorpsycho rodde det hele trygt i land»
1 2 3 4 5 6Seiler skuten på trygt vann - for det meste.
-
«Morsomme scener fra kattens liv»
Enkelt, men ikke lettvint -
«Beckett i Bergen»
Utfordrende språk, fattig scenekunst. -
«Historier skrevet i olje »
Nært møte med oljeutvinning, makt og mennesker. -
«Det farlige språket»
Krevende både for publikum og skuespillere. -
«UKErevyen bedre enn noensinne»
1 2 3 4 5 6Mye å glede seg over. Mye å le av.
Mest lest
Alexander Dale Oen er død
Den kjente svømmeren Alexander Dale Oen (26) fra Øygarden døde brått tirsdag morgen.
Denne hytten kan du få gratis!
Are Stensland gir bort denne hytten som står på Sotra. Det er bare en hake.
Gunnar ble lagt i jern ved Bybanen
Gunnar Aasbø skulle hjem fra byen, og skulle betale med KontantSkyss-kortet sitt. Vekterne nektet. Det endte med at han ble påsatt håndjern og tatt med av politiet.
Kjent bergensmusiker savnet
Per Kristian Slåttli er savnet etter at han ble borte sent mandag kveld. Han er medlem i et av Bergens mest kjente og respekterte band.
Denne sjåføren glemte noe viktig
- Da jeg fløytet på henne, vinket hun så fint tilbake, sier Anders Rolland som kjørte bak boss-spannsjåføren.



KOMMENTARER Våre regler