• SOMMARFILM: Passar for både deg som vil mimre litt og for deg som berre vil ha noko anna å tenkje på i desse dagar.

    FOTO: FILMWEB

Summer of '79

Har sine augneblikk.

1 2 3 4 5 6
Regi: J. J. Abrams
«Super 8»

Det er 1979, og ein gjeng ungdomsskuleelevar lagar ein zombiefilm med sitt innkjøpte Super 8-kamera.

I eit grep for å gi filmen meir gripande historie, skriv regissøren inn ei scene der hovudkarakteren må seie farvel til si elskede kone. Då dei speler inn scena på den lokale togstasjonen, finn dei seg plutseleg i eit inferno av ei togkatastrofe - tilsynelatande ei ulukke. Hendingane i etterkant - forsvinningar av mikrobølgjeomnar, hundar og til slutt menneske - peikar derimot mot at det er noko meir mystisk på ferde.

«Super 8» er regissert av Lost-skapar J. J. Abrams og produsert av Steven Spielberg, og det kjennest absolutt ut som filmen er deira uekte born.

Som så ofte i Spielberg-filmar er forhold mellom ungar og foreldre eit tema - her spesifikt Joe og Alice sitt forhold til sine fedrar, båe to enkjemenn med åleineansvar for sine born.J. J. Abrams regi og uttrykk er òg gjenkjennbart, det mest openberre er kanskje hans forkjærleik for såkalla «lens flares», gjenskin frå lys på kameralinsene - ei gjenlevning frå tidleg kamerateknologi.

Passande nok er filmen sat til 1979, eit år då Spielberg var ny i Hollywood, og Abrams nok var på alder med dei unge rollefigurane. «Super 8» er ein hyllest til sommarfilmen, unge filmskaparar og ikkje minst Spielberg sjølv.«Super 8» sine feilgrep ender opp med å bli ein blanding av dei to. På den eine sida får ikkje borna nok tid innimellom actionscenene. Abrams klarte denne balansen veldig godt i til dømes «Star Trek», men i denne filmen kan effektane ta overhand. På den andre sida lånar han nesten litt for mykje av Spielberg.

Det er langt frå steling, men «Super 8» lener seg for hardt på «E.T.», «Jaws» og «Goonies» - filmar Spielberg har delteke i - og klarar ikkje å gjennomføre der Spielberg kan få ein film til å skine.Barneskodespelarane består av ei gruppe stort sett ubeskrivne blad som skapar truverdige figurar.

Elle Fanning stig fram som den beste av dei, til den grad at filmen ikkje er like sterk i periodane ho er vekke frå skjermen.«Super 8» ender opp med å bli ein flott sommarfilm, nesten to timar med avbrekk frå ein varm sommardag eller andre tankar ein måtte gå rundt med. Eskapisme er lov! Nostalgi for den som hugsar ein sommar med «E.T.», og heftig action for den som er interessert i popkorn med litt attåt.

Om du går og ser denne filmen - noko eg trass alt anbefaler deg å gjere - bli igjen til rulleteksten, der ungdommane sin zombiefilm vert vist. Amatørfoto og sterkt heimelaga preg gjer den til eit av «Super 8» sine absolutt mest sjarmerande augneblikk.

Einig med vår anmeldar? Sei di meining her!

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Debatten vil bli forhåndsmoderert

Siste fra Filmanmeldelser

En kriminell kopi

«The Raven»: Edgar Allan Poe brukes som påskudd til å lage middelmådig påskekrim

Masete

«Tor med hammeren»: Måtte Tor sende lyn og torden over disse filmskaperne.

Mest lest

Alexander Dale Oen er død

Den kjente svømmeren Alexander Dale Oen (26) fra Øygarden døde brått tirsdag morgen.

Denne hytten kan du få gratis!

Are Stensland gir bort denne hytten som står på Sotra. Det er bare en hake.

Gunnar ble lagt i jern ved Bybanen

Gunnar Aasbø skulle hjem fra byen, og skulle betale med KontantSkyss-kortet sitt. Vekterne nektet. Det endte med at han ble påsatt håndjern og tatt med av politiet.

Kjent bergensmusiker savnet

Per Kristian Slåttli er savnet etter at han ble borte sent mandag kveld. Han er medlem i et av Bergens mest kjente og respekterte band.

Denne sjåføren glemte noe viktig

- Da jeg fløytet på henne, vinket hun så fint tilbake, sier Anders Rolland som kjørte bak boss-spannsjåføren.

TEGNESERIER