• «REVOLUSJONÆR LEIAR: Apene i filmen — her representert av Caesar — er skummelt verkelegheitstru.

    FOTO: FILMWEB

Spenstig opphavshistorie

ActionSci-fi

Aper får verkeleg boltre seg når dei slepp å vere menneske i kostyme.

1 2 3 4 5 6
Regi: Rupert Wyatt
«Rise of the Planet of the Apes»

Mennesket leiker endå ein gong Gud i «Rise of the Planet of the Apes». Denne gongen vert ein medisinsk kur årsaka til mykje leven, då apene medisinen vert testa på plutseleg viser seg å verte smartare. Mykje smartare.

Sentralt er genforskaren Will Rodman (James Franco) som leier an for å finne ein kur mot Alzheimers, sterkt motivert av faren (John Lithgowe) sin nedadgåande spiral mot senil demens. Då eksperimenta hans på eit tidspunkt vert avslutta snik han med seg sjimpansen Caesar heim, og byrjar å utføre privat forsking på han. Lite visste han kva han hadde utløyst.

Skodespelararbeidet er greitt nok, sjølv om dei ikkje får så alt for mykje å spele på. Filmens absolutt sterkaste kort er nemleg Andy Serkis som pioner-apa Caesar, ein revolusjonær helt ein får mykje sympati for. På same måte som i «Ringenes Herre» og «King Kong» har Serkis teke rolla som ein digital figur, og i denne filmen er det verdt ein ståande applaus.

 

Saman med glimrande 3D-animasjon har han klart å skape ein karakter som ikkje akkurat er talesterk, men som uttrykkjer attkjennande kjensler på absolutt alle andre måtar. Dette gjeld i stor grad alle dei dataanimerte apene. Dei er bérebjelkene i denne filmen, og det står fjellstøtt på ein måte som menneske i apekostyme aldri har klart.

«Rise of the Planet of the Apes» er sat til tida før klassikaren med Charlton Heston frå 1968. Der den opphavlege filmen sa mykje om dåtidas samfunnsproblem og klasseskilnader, er 2011-versjonen litt enklare å ta inn. Her går det i velkjent territorium, med «ikkje rot for mykje i skaparverket» og «helvete er laust når aper får bukser».

Denne filmen passar ikkje saumlaust inn i det gamle filmuniverset, men har glidande hint, og fine tilbakepeik til originalane. «Take your stinking paws off me, you damn dirty ape!» er også med denne gongen, og ein Mars-ekspedisjon vert vist på TV-kanalar i bakgrunnen. Akkurat passe innbakt utan at ein på nokon måte må ha sett 1968-filmen for å få med seg alt.

Regissør Rupert Wyatt er eit relativt nytt blad i filmverda, men han klarar seg godt. Filmen er spesielt sterk i actionsekvensane, og det er tydeleg at skaparane har leikt seg når dei planlegg korleis apene skal røre seg i dei ulike kampscenene. Storslått, spesielt i dei meir fartsfylte delane av filmen.

«Rise of the Planet of the Apes» er eit vellukka tilbakehopp i ein gammal franchise som garantert kjem til å avle ein liten flokk med oppfølgjarar. At historia sluttar her er det i alle fall ingenting som tyder på.

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Siste fra Filmanmeldelser

Mest lest

TEGNESERIER