• To view this page ensure that Adobe Flash Player version 10.1.0 or greater is installed.

    Get Adobe Flash player

    Folk ved fjorden

    Filmskaper Øyvind Sandberg er aktuell med ny dokumentar. Her følger han vestlandsbonde Magnhild Dyrdal gjennom et år.

    VIDEO:

Sjarmerande fjordbesøk

Ekte fjordkvinner og -menn

1 2 3 4 5 6
«Folk ved fjorden»

Øyvind Sandberg er kanskje mest kjend for «Kabal i Hjerter» – dokumentaren om to av Bergens fargerike personlegheiter – men han har fleire tiår gitt oss innblikk i norske annleis-liv og tradisjonar som er på veg ut. Med «Folk ved fjorden» held han fram i same spor, og gir oss eit år i livet til to bebuarar i Ostfjorden, der han sjølv har heldt heim i mange år.

På den eine sida har ein Ole som plutseleg måtte ta over garden i 1958 som 17-åring då faren døydde. Helsa røyner, men han står på, driven fram av det som for han verkar å vere menneskets beste ven – kyrne.

Det andre livet vi får ta del i er Magnhild sitt, hvis familie har laga pølser på tradisjonelt sett i generasjonar. Ved sida av geitedrift, speking, røyking og salg passar ho på si gamle mor.

I den vesle timen vi følgjer desse er eg sjarmert og underheldt, både av personlegdomane og forholdet dei har til dei rundt seg. Til dømes er Magnhild sin kommunikasjon med mora – som mista taleevna etter eit slag – eit bidrag til mang ein latter, av den tvers gjennom gode varianten.

Filmen er pent filma, og flyt veldig godt. Fjordmiljøet er vakkert å sjå på gjennom årstidene, og skapar – saman med alderen til Ole sine kalvar – eit driv gjennom filmen.

Dei to lagnadane i «Folk ved fjorden» har både fellestrekk og store skilnadar. Båe er ugifte og bornlause, mykje grunna arbeidet dei har fått i hendene. Samtidig er deira inngangsport i gardsdrifta forskjellig. Der Magnhild verka å vere oppvaksen med tanke på den tradisjonelle pølsedrifta, verkar det som om Ole braut av nokre framtidsdraumar for å ta over familiegarden.

Det er óg her eg føler filmen har eit svakt punkt. For i likskap med til dømes «Kabal i hjerter» er filmen litt for ufarleg. Som eit velprodusert «Noreg Rundt», eit «Der ingen skulle tru…» for ein utdøyande kvardag. Veldig sjarmerande, ja, og passande sentimentalt for sitt virke, men eg er viss på at det ikkje skulle særleg mange litt meir gravande spørsmål til før især Ole si historie kunne ha blitt meir interessant.

Om den snille framstillinga er for å verne dei to veit eg ikkje, men kanskje Sandberg er for nært på sine intervjuobjekt (som trass alt er frå eit lite miljø han har budd i mange år)? Dog, på den andre sida, «Folk ved fjorden» er akkurat den filmen han ville lage.

Samd med vår meldar? Sei di meining under.

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Debatten vil bli forhåndsmoderert

Siste fra Filmanmeldelser

En kriminell kopi

«The Raven»: Edgar Allan Poe brukes som påskudd til å lage middelmådig påskekrim

Masete

«Tor med hammeren»: Måtte Tor sende lyn og torden over disse filmskaperne.

Mest lest

Alexander Dale Oen er død

Den kjente svømmeren Alexander Dale Oen (26) fra Øygarden døde brått tirsdag morgen.

Denne hytten kan du få gratis!

Are Stensland gir bort denne hytten som står på Sotra. Det er bare en hake.

Gunnar ble lagt i jern ved Bybanen

Gunnar Aasbø skulle hjem fra byen, og skulle betale med KontantSkyss-kortet sitt. Vekterne nektet. Det endte med at han ble påsatt håndjern og tatt med av politiet.

Kjent bergensmusiker savnet

Per Kristian Slåttli er savnet etter at han ble borte sent mandag kveld. Han er medlem i et av Bergens mest kjente og respekterte band.

Denne sjåføren glemte noe viktig

- Da jeg fløytet på henne, vinket hun så fint tilbake, sier Anders Rolland som kjørte bak boss-spannsjåføren.

TEGNESERIER