• TRONGT: Richard Roxburgh og Rhys Wakefiled sitt skodespel er ikkje like imponerande som 3D-effektane.

    FOTO: FILMWEB

Redda av vakker 3D

Smått éindimensjonelle menneske, vist i praktfull 3D

1 2 3 4 5 6
Regi: Alister Grierson
«Sanctum»

Frank McGuire og hans lag med veletablerte holedykkarar, har planlagt å entre eit av verdas største holesystem – Esa'ala på Papua Ny-Guinea – som hittil er uoppdaga av menneske.

Denne ekspedisjonen er livsfarleg, men McGuire lever berre for spenninga ved det uutforska, og har såleis distansert seg frå resten av verda, deriblant sonen sin – Josh, som er eit av medlemmene på laget. Då laget før tilbaketrekning vert overraska av ein kraftig storm, vert dei sperra inne i grottene, og må finne ein anna veg ut.

«Sanctum» er slik sett ikkje berre ein film om utforskinga av det store holesystemet, men òg utforskinga av mellommenneskelege forhold.

Høyrest det kjent ut? Javisst, du har vore borti filmar som denne mange gongar før. Det som skil denne frå mange andre filmar, er dei fantastiske visuelle effektane.

 

I løpet av dei siste åra har ein del mindre filmar blitt hjelpt fram i lyset av kjende filmskaparar. På same måte som Peter Jackson gav draghjelp til «District 9», har Avatar-regissør James Cameron hjelpt «Sanctum» med namnet sitt på plakaten, som produsent, og med sin store ekspertise innan filmteknologi.

Størstedelen av 3D-filmar på kino i dag, vert filma med vanleg filmkamera, men konvertert til 3D-film etter enda innspeling, såkalla postprosess-konvertert 3D. Til trass for at teknikken har fått mykje kritikk for å ikkje produsere like godt resultat som med filming med to kamera, er det likevel ofte å føretrekkje, sidan tokameraløysingar er både dyrare og vanskelegare å filme med.

I «Sanctum» har Cameron og filmcrewet teke tyren ved horna, og gått for «ekte» 3D. Og det er nettopp i 3D-effektane at filmen tener flesteparten av sine poeng.

Der 3D-filmar flest nyttar høvet til å kaste ting mot andletet ditt for å få deg til å hoppe i kinosetet, tek «Sanctum» ein litt anna vri. Den nyttar i staden 3D-effekten til å skape rom «bak» kinolerretet, og for å gi deg kjensla av kor utruleg liten du er, der du sit i salen. Når den ikkje gjer det, får du klaustrofobiske scener i tronge undervassgrotter, som får ekstra punch sidan du omtrent kjenner kor smalt og trongt det er så mange tusen meter under vassoverflata.

Med såpass mykje lovprising av filmens visuelle kraft, er det synd at resten av filmen er langt frå like spektakulær.

Manuset er inspirert av Andrew Wight, som hadde ein liknande nær-døden-oppleving i grotter under Australia. Saman med manusforfattar John Garvin, har dei kome fram til eit klisjéfylt manus med mange eindimensjonelle rollefigurar som ikkje imponerer på særleg mange plan. Heldigvis held «Sanctum» det paranormale utanfor, ei fallgruve mange filmar med liknande tematikk gjerne fell i.

Skodespelarane gjer ein grei nok jobb med det dei har fått utlevert, og spesielt godt framstår Richard Roxburgh som den hardbarka grotteutforskaren som ikkje heilt veit korleis han skal takle verda over overflata.

Eg har i lang tid vore skeptisk til 3D-film, men i «Sanctum» sitt tilfelle er det faktisk brillene til 20 kroner som forandrar denne filmen frå ein heilt ok actionthriller, til ein film som tek pusten frå deg, og ikkje gir den attende før rulleteksten er over.

Er du enig med vår anmelder?

Les også

Siste fra Filmanmeldelser

En kriminell kopi

«The Raven»: Edgar Allan Poe brukes som påskudd til å lage middelmådig påskekrim

Masete

«Tor med hammeren»: Måtte Tor sende lyn og torden over disse filmskaperne.

Mest lest

Alexander Dale Oen er død

Den kjente svømmeren Alexander Dale Oen (26) fra Øygarden døde brått tirsdag morgen.

Denne hytten kan du få gratis!

Are Stensland gir bort denne hytten som står på Sotra. Det er bare en hake.

Gunnar ble lagt i jern ved Bybanen

Gunnar Aasbø skulle hjem fra byen, og skulle betale med KontantSkyss-kortet sitt. Vekterne nektet. Det endte med at han ble påsatt håndjern og tatt med av politiet.

Kjent bergensmusiker savnet

Per Kristian Slåttli er savnet etter at han ble borte sent mandag kveld. Han er medlem i et av Bergens mest kjente og respekterte band.

Denne sjåføren glemte noe viktig

- Da jeg fløytet på henne, vinket hun så fint tilbake, sier Anders Rolland som kjørte bak boss-spannsjåføren.

TEGNESERIER