• TRAUMATISERANDE: Historia får meir kjøt på beina når me får vite korleis oppveksten til det heimsøkte søskenparet Katie og Kristie var.

    FOTO: FILMWEB

Paranormalt haustgys

Utfyllande om eit allereie grøssande univers

1 2 3 4 5 6
Regi: Henry Joost, Ariel Schulman
«Paranormal Activity 3»

Kanskje er det eit instinkt, eit sakn frå eldre tider som vert manifestert gjennom denne gleda av å bli skremt. Er vi verkeleg så leie av at gateselgjarar og trekkspelarar er det skumlaste vi møter i kvardagen? At vi har blitt for trygge innanfor husets fire vegger er i alle fall sikkert, og det er då filmar som «Paranormal Activity 3» kjem og vippar oss av pinnen.

Trearen i rekka tek oss tilbake 18 år før dei to førre filmane, og prøver å fylle inn nokre av tomromma i historia. Vi følgjer framleis same familien, det heimsøkte søskenparet Katie og Kristi, men no i yngre versjonar. 1988 verkar å vere eit godt år for familien heilt til den yngste dottera for alvor byrjar å snakke med sin usynlege ven, Toby. Familiens stefar, Dennis — som praktisk nok er bryllaupsfotograf — set opp kamera i huset for å forsøke å dokumentere alt det rare som skjer.

 

På mange måtar kan suksessen til serien tilleggast same trend som «Blairwitch Project»; Filmar som balanserar på grensa mellom å vere så dokumentarisk at du nesten trur på det, og å vere veldig, veldig skumle. Illusjonen om at film-materialet er ekte er nok broten for lengst, men skummelt er det framleis.

Teknisk sett følgjer «Paranormal Activity 3» dei to tidlegare filmane veldig nært. Alt videomateriale er amatør- og overvakningsfoto, filmen har ingen musikk, og spesialeffektane er diskré, men godt gjennomført. Sånn sett er ikkje filmen eit nybrottsarbeid, men det den gjer, gjer den til gjengjeld frykteleg godt. Om du likte dei første to, vil du nok óg få glede av denne.

Mest effekt får filmen ut av den handhaldte kamerabruken. Der sjåaren i vanlege skrekkfilmar innstendig ber filmens hovudperson om å «ikkje opne den døra», kjennest det meir ut som om ein er med på handlinga sjølv. Hovudet bøyger seg til sida og ein slår augo ned. Ein vil ikkje inn den døra, men kamera tvingar deg! Kanskje eit billeg triks, men det fungerer.

Andre glimrande, men subtile augneblink er når eit kamera vert montert oppå ei bordvifte for å overvåke ein større del av rommet. I utgangspunktet eit enkelt kameragrep, men akk så intenst det er å oppdage ein liten forstyrrande detalj idet kamera vender vekk… for så å få eit skummelt klimaks idet kamera vender tilbake.

«Paranormal Activity 3» utviklar óg i større grad universet utanfor dei skrekkelege scenene. Skodespelarane fungerar godt i sine roller, og sjølv borneskodespelarane er truverdige i leveringane av linjene sine. Vel er dei vaksne kanskje meir stae enn naudsynt, men på den andre sida: Utan standhaftige og litt dumme filmfigurar, så hadde vel skrekksjangeren aldri eksistert.

Er du enig med vår anmelder?

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Debatten vil bli forhåndsmoderert

Siste fra Filmanmeldelser

En kriminell kopi

«The Raven»: Edgar Allan Poe brukes som påskudd til å lage middelmådig påskekrim

Masete

«Tor med hammeren»: Måtte Tor sende lyn og torden over disse filmskaperne.

Mest lest

Alexander Dale Oen er død

Den kjente svømmeren Alexander Dale Oen (26) fra Øygarden døde brått tirsdag morgen.

Denne hytten kan du få gratis!

Are Stensland gir bort denne hytten som står på Sotra. Det er bare en hake.

Gunnar ble lagt i jern ved Bybanen

Gunnar Aasbø skulle hjem fra byen, og skulle betale med KontantSkyss-kortet sitt. Vekterne nektet. Det endte med at han ble påsatt håndjern og tatt med av politiet.

Kjent bergensmusiker savnet

Per Kristian Slåttli er savnet etter at han ble borte sent mandag kveld. Han er medlem i et av Bergens mest kjente og respekterte band.

Denne sjåføren glemte noe viktig

- Da jeg fløytet på henne, vinket hun så fint tilbake, sier Anders Rolland som kjørte bak boss-spannsjåføren.

TEGNESERIER