• HØGDESKREKK?: Ethan Hunt (Tom Cruise) utkjemper kampar på ein av dei mest spektakulære stadene i verda.

    FOTO: Filmweb

Påkosta eventyr

Tom Cruise reddar verda. Igjen.

1 2 3 4 5 6

Regi: Brad Bird
«Mission Impossible: Ghost Protocol»

Men actionhelten var ikkje død. Ethan Hunt er tilbake for fjerde gong i den nyaste historia om The Impossible Missions Force. Denne gongen får organisasjonen hans skulda for bombinga av Kreml, og Hunt og laget hans ser seg nøydd til å gå under jorda for å finne den verkelege syndaren. Utan hjelp frå myndigheitene, hovudkvarteret sitt eller nokon andre, må dei jakte på ein svensk apokalypse-evangelist.

Som sedvanleg i Mission Impossible-universet er historia så enkel at eit born skjønar det, medan teknologien er så avansert at teknologar berre kan drøyme om å skape slikt i si levetid. Dette er nærast eit varemerke for franchisen som no har gått inn i sitt 16. år som filmserie med Tom Cruise i hovudrolla. Med nye skodespelarar på laget er det fint å sjå at filmserien endeleg legg «teamet» i føringa, i staden for berre å fokusere på Cruise sin rolle-
figur, kanskje er det eit tilbakerop til teamet frå den opphavlege TV-
serien? Ettersom introduksjonssekvensen speglar handlingsløpet til filmen er det i alle fall stor sannsynlegheit for at nokon bak storyboardet har ein forkjærleik for TV-vignetten.

 

Med eit såpass stort budsjett er det heller ikkje rart at filmen har noko av det vakraste å by på av grandiose lokasjonar og heftig kamerautstyr. Hovudsetet for filmen er rike Dubai – noko som er logisk, sidan det er ein av få stader det ikkje ser latterleg ut at alle bilar er av aller nyaste modell. I sentrum av handlinga står majestetiske Burj Khalifa som ein påle, spesielt i sekvensane som tek nytte av IMAX-kamera.

Regi er ved Oscar-vinnande Brad Bird, som her gjer sin regidebut utanfor animasjonsverda. Her og der spreier han litt magi på ein del scener som raskt kunne ha falt i klisjéfella, og spesielt ei byttescene med todelt handling er nydeleg utført. Like vel klarar han ikkje heilt å hente opp filmen frå action-hengemyra. Med så mykje fokus på handlingane til Hunt og teamet hans vert det lite plass til andre figurar, og sjølv skulle eg gjerne ha sett meir til skurken Kurt Hendricks. Kva er årsakene til hans forkjærleik for øydelegging? Ein tapt sjanse til å skape ein interessant filmpersonlegheit.

Eg skulle gjerne ha sett at det vart gjort noko verkeleg spennande i denne blockbuster-sjangeren. Noko som ikkje involverer berre å kaste pengar på det til resultatet er ein gjennomsnittleg film som ser fantastisk ut. For det er akkurat det «Mission Impossible: Ghost Protocol» er.

Er du enig med vår anmelder? Si din mening i feltet under.

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Debatten vil bli forhåndsmoderert

Siste fra Filmanmeldelser

En kriminell kopi

«The Raven»: Edgar Allan Poe brukes som påskudd til å lage middelmådig påskekrim

Masete

«Tor med hammeren»: Måtte Tor sende lyn og torden over disse filmskaperne.

Mest lest

Alexander Dale Oen er død

Den kjente svømmeren Alexander Dale Oen (26) fra Øygarden døde brått tirsdag morgen.

Denne hytten kan du få gratis!

Are Stensland gir bort denne hytten som står på Sotra. Det er bare en hake.

Gunnar ble lagt i jern ved Bybanen

Gunnar Aasbø skulle hjem fra byen, og skulle betale med KontantSkyss-kortet sitt. Vekterne nektet. Det endte med at han ble påsatt håndjern og tatt med av politiet.

Kjent bergensmusiker savnet

Per Kristian Slåttli er savnet etter at han ble borte sent mandag kveld. Han er medlem i et av Bergens mest kjente og respekterte band.

Denne sjåføren glemte noe viktig

- Da jeg fløytet på henne, vinket hun så fint tilbake, sier Anders Rolland som kjørte bak boss-spannsjåføren.

TEGNESERIER