Nesten jackpot for «Vegas»

Marianne, Terje og Thomas er tre ungdommar som på ulike måtar har hamna utanfor alle tradisjonelle rammer for omsorg, tryggleik og kjærleik.

1 2 3 4 5 6
Regi: Gunnar Vikene
««Vegas»»

Etter kvart møtest dei tre på ein ungdomsheim, der dei utviklar ein usannsynleg, men varm venskap som fører dei ut på ei reise mot eit felles mål: å bli tatt vare på av nokon som verkeleg er glade i dei.

Yngstemann Terje, spelt av Sindre Kvalvåg Jacobsen (14), kjem frå eit tilsynelatande velfungerande og omsorgsfullt familieforhold, men alt blir snudd på hovudet etter at han mistar mora i ei ulukke på danskebåten medan familien er på ferie. Faren taklar ikkje tapet, og støyter frå seg sonen fordi han skuldar han for ulukka.

Thomas (Jørgen Hausberg Nilsen) kjem frå ein ustabil familie der mora blir regelmessig mishandla av kjærasten Roger, noko som til slutt fører til at barnevernet grip inn og familien blir splitta. Veslebroren Daniel hamnar hos ein fosterfamilie, og Thomas vil gjera alt for at dei skal få leva saman igjen.

Artikkelen fortsetter under videospilleren...

Så er det Marianne (Karoline Stemre). Ho har vore innom tre fosterheimar på eitt år, er fullstendig utan impulskontroll, manipulerer dei fleste ho har rundt seg, og gjer stort sett som ho vil. Kort sagt, ho «fåkkar opp» alt. Likevel er ho ikkje nokon unyansert karakter. Ho viser sider som gir oss eit innblikk i kva som ligg under eit hardt ytre. Ho er høgt og lågt, himmel og helvete, alt ettersom.

Desse tre historiene blir vovne saman på ein naturleg måte etter kvart som karakterane blir meir og meir involverte i kvarandre sine liv. Handlinga som utviklar seg er både dramatisk og spennande, sjølv om det nesten bikkar litt over mot slutten av filmen.

17 år gamle Karoline Stemre kjem svært godt frå det. Det same gjer dei to andre unge skodespelarane i hovudrollene. Dei framstår som tvers gjennom truverdige, og det er ingenting unaturleg med verken replikkar, timing eller mimikk. Dei meistrar alle typar situasjonar karakterane hamnar i, anten det er trivielle og kvardagslege stunder, eller høgdramatiske scener der ekstreme kjensler kjem heilt fram i overflata.

«Vegas» er ein sterk film på fleire måtar. Den rører ved nokre av dei inste kjenslene i mennesket, og nektar å la sjåaren sleppa unna. Den er ubehageleg, spennande, morosam, engasjerande, fæl, rørande og forargande på same tid. Alt dette, saman med passande, smakfull musikk og til tider glimrande skodespelarprestasjonar, gjer at det er ein av dei beste norske filmane eg har sett på lenge.

HARALD ESPELAND

Er du enig med vår anmelder? Si din mening.

Les også

Siste fra Filmanmeldelser

En kriminell kopi

«The Raven»: Edgar Allan Poe brukes som påskudd til å lage middelmådig påskekrim

«Vegas»
Regi: Gunnar Vikene
Norge, 11 år (ungdom/vaksne)
1 time 58 minutt

Mest lest

Alexander Dale Oen er død

Den kjente svømmeren Alexander Dale Oen (26) fra Øygarden døde brått tirsdag morgen.

Denne hytten kan du få gratis!

Are Stensland gir bort denne hytten som står på Sotra. Det er bare en hake.

Kontroll over storbrannen

Skogsinfernoet på Sotra roet seg selv i natt. Men fremdeles brenner det.

Kjent bergensmusiker savnet

Per Kristian Slåttli er savnet etter at han ble borte sent mandag kveld. Han er medlem i et av Bergens mest kjente og respekterte band.

Denne sjåføren glemte noe viktig

- Da jeg fløytet på henne, vinket hun så fint tilbake, sier Anders Rolland som kjørte bak boss-spannsjåføren.

TEGNESERIER