• HÆRFØR: Tesevs (Henry Cavill) leier styrkene i kamp mot den onde Kong Hyperion.

    FOTO: FILMWEB

Meisla uttrykk, magert inntrykk

Pompøst og vakkert epos, som sårt kunne ha trengt meir fokus på historie.

1 2 3 4 5 6
Regi: Tarsem Singh
«Immortals»

«Frå produsenten til «300»» kan vere eit hyllingsmerke eller ei dømming, alt etter korleis du ser det. I «Immortals» sitt tilfelle betyr dette ein meir ekstrem variant av voldseposet frå 2007. «Immortals» har meir av den intense blodkampen, men mindre forteljarglede og figurutvikling.

Filmen sitt manus er veldig laust basert på diverse historier frå den greske mytologien. Kong Hyperion, ein gudlaus herskar i Mickey Rourke sin skikkelse, vil vippe Olympens gudar av trona med Epirus' bue, og jaktar Hellas rundt etter den. Landsby etter landsby vert riven opp med jorda, og då Tesevs mor vert avretta foran augo hans, svergar Tesevs hevn. På vegen treff han blant anna orakelet Phaedra, som er bestemt på at Tesevs kjem til å redde verda, dersom han er standhaftig.

 

Tarsem Singh har slått seg opp i Hollywood på filmar så vakre at det kan verke som om han ikkje har brydd seg om anna enn utsjånad. Resultatet er filmar som «The Fall», «The Cell» – og no «Immortals» – smått sjølvhøgtideleg augesnop, som sårt saknar gode narrativ historier. Riktig nok er eg svak for «The Fall», ei sjarmerande og visuell nyting, men denne når aldri opp til det nivået.

Skodespelarane gjer ein grei nok jobb med det dei har fått servert, spesielt Henry Cavill i hovudrolla som Tesevs og John Hurt som hans mentor. Likevel klarar eg heller ikkje her å riste av meg kjensla av at Tarsem har valgt si rollebesetning ut frå estetikk, og ikkje talent. Me får sjå meisla haker og gudommelege kinnbein, hardføre menn og smekre kvinner, men eg saknar å sjå litt meir sjel i augo deira. Dei fleste figurane er pappfigurar og enkle framstillingar som aldri utviklar seg nokon stad. Ein skulle tru at gresk mytologi var grobotn for fleire kjensler og svik enn dette.

«Immortals» er like vel i ei heilt anna klasse enn fjorårets «Clash of The Titans». Dei har liknande tematikk, men der sistnevnte var ein storbudsjettskalkun er «Immortals» i det minste ei estetisk nyting.

Filmen skal nemleg ha skryt for det den gjer godt. Komposisjonen og utsjånaden er til tider nesten barokt, og klarar med sterke kontrastar og kraftige visuelt uttrykk å framstille himmelkrig på ein spektakulær måte. Å sjå Zevs knuse titanhovud som det var melonar er noko av det sterkaste filmen har å by på.

«300» klarte kanskje på ein betre måte å framstille rushet ved å gå i krig, men sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Om gudane nokon gong har slåst, då må det ha sett ut som kampscenene i "Immortals".

Er du enig med vår anmelder? Si din mening i feltet under.

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Debatten vil bli forhåndsmoderert

Siste fra Filmanmeldelser

En kriminell kopi

«The Raven»: Edgar Allan Poe brukes som påskudd til å lage middelmådig påskekrim

Masete

«Tor med hammeren»: Måtte Tor sende lyn og torden over disse filmskaperne.

Mest lest

Alexander Dale Oen er død

Den kjente svømmeren Alexander Dale Oen (26) fra Øygarden døde brått tirsdag morgen.

Denne hytten kan du få gratis!

Are Stensland gir bort denne hytten som står på Sotra. Det er bare en hake.

Gunnar ble lagt i jern ved Bybanen

Gunnar Aasbø skulle hjem fra byen, og skulle betale med KontantSkyss-kortet sitt. Vekterne nektet. Det endte med at han ble påsatt håndjern og tatt med av politiet.

Kjent bergensmusiker savnet

Per Kristian Slåttli er savnet etter at han ble borte sent mandag kveld. Han er medlem i et av Bergens mest kjente og respekterte band.

Denne sjåføren glemte noe viktig

- Da jeg fløytet på henne, vinket hun så fint tilbake, sier Anders Rolland som kjørte bak boss-spannsjåføren.

TEGNESERIER