• SKRIVESPERRE: I tronge augneblinkar plukkar Mavis (Charlize Theron) opp dialogidéar til bøkene sine frå skravlande ungdommar på kjøpesenteret.

    FOTO: FILMWEB

«Mean Girls» 20 år etter

Eit portrett av ei roten, umoden sjel.

123456
«Young Adult»

Om ein skal peike på éin ting som er fundamentalt feil med dei fleste filmmanus her i verda, så er det dette: Folk forandrar seg som regel ikkje. Det er herleg eskapisme å tenkje at alle dritsekker inst inne er snille og gode menneske. Men er det verkeleg slik at det berre må ei livsomveltande hending til for at dei skal bli reinkarnasjonen av Gandhi?

Forandringar – eller mangel på slike – er eit av hovudtema i filmen «Young Adult». Ungdomsbokforfattaren og tidlegare «homecoming queen» Mavis Gary (Charlize Theron) er nyskilt, og forveller i eigen desperasjon og depresjon. Då ho får ein invitasjon til ekskjærasten Buddy (Patrick Wilson) sitt nyfødde born sin namnefest får ho ei besetting. I full overtyding om at denne invitasjonen er eit rop om hjelp for å redde han vekk frå heimstaden, kone og born reiser Mavis tilbake til småbyen dei båe vaks opp i.

Mørk komedie

I jakta på draumemannen treff ho blant anna på den fysisk funksjonshemma Matt (Patton Oswalt), som ho gjekk på skule med. I likskap med Mavis har han heller ikkje heilt kome over ungdomstida — og valdsepisoden som gjorde han til den han er i dag.

Regissør Jason Reitman har gjort suksess med smårare figurar før. Saman med manusforfattar Diablo Cody har han tidlegare gjort den snasne gravidkomedien «Juno». I "Young Adult" vert det for så vidt pensa innom ungdomsgraviditet, men på ein heilt anna måte. Mavis er ein sigarettglo i ei alkoholmodna madrass, ei komande ulukke som har ulma lenge. Og returen til den amerikanske småbygda er vindpustet som set fart på flammane.

«Young Adult» er ei komedie og ei mørk slike. Det morosame kjem ikkje i openberre vitsar og kjappe replikkar som i «Juno», men i handlingane mellom figurane, og i dei pinlege forsøka Mavis gjer på å oppnå sin urealistiske draum. Eg ler ein mørk, attkjennande latter medan eg vrir meg litt i setet. Mavis omtaler Buddys giftarmål på same måte som ho kanskje burde ha omtalt sin eigen depresjon: noko som burde behandlast. Sporenstreks.

Hovudrolla kunne knappast ha blitt spelt betre. Ingen klarar skjerepunktet mellom det fantastisk vakre og det ufyseleg stygge, på same måte som Charlize Theron. Taktlausheita til Mavis visast best idet ho plutseleg hugsar kven Matt er, med orda: «Vent, du er jo hatkriminalitet-fyren!». Saman med Patton Oswalt utgjer ho dei absolutt beste sidene av filmen, og scenene dei imellom — mellom fordums dronningbie og tjukk nerd med homorykte – er nokre av filmens beste. Rolla til Oswalt kan på mange måtar samanliknast med rolla hans i «Big Fan» frå 2009. Utan Oswalt hadde ikkje Theron hatt noko å spele mot, og filmen hadde vore langt frå like god.

Ikkje feilfri

"Young Adult" er dog ikkje ein feilfri film. I jakta på nye situasjonar mistar me tid som kanskje kunne ha blitt brukt på å fylle opp forhistorie, for å gi oss eit større innsikt i liva til våre hovudpersonar. No er fortida synleg gjennom glimt, som vert litt for korte til å forklare handlingane deira.

I prinsippet er dette ei slags alternativ oppfølgjingshistorie til "Mean Girls", i eit univers der avslutningsballets dronning aldri veks opp, aldri utviklar seg og aldri vert snill. Kor ofte endar du opp med å like hovudpersonen mindre ved slutten enn då filmen starta? Ein forfriskande vri på ei forteljing der det hadde vore så alt for lett at alle var gode og lukkelege. Ordentlege happy ending hender som regel berre på film.

Samd med vår meldar? Sei di mening.

Kommentarfeltet støtter ikke IE8. Vennligst oppgrader eller bruk en annnen nettleser.
Debatten vil bli moderert i ettertid.

Siste fra Filmanmeldelser

«Den tyske legen»

Patagonias storslåtte landskap understreker de mørke realitetene i denne lavintense thrilleren.

Bilder

SKRIVESPERRE: I tronge augneblinkar plukkar Mavis (Charlize Theron) opp dialogidéar til bøkene sine frå skravlande ungdommar på kjøpesenteret. FOTO: FILMWEB

SKRIVESPERRE: I tronge augneblinkar plukkar Mavis (Charlize Theron) opp dialogidéar til bøkene sine frå skravlande ungdommar på kjøpesenteret. FOTO: FILMWEB

  • Murmel Murmel

    Den Nationale Scene: Herbert Fritsch (regi & scenografi), Victoria Behr 
(kostymer), Ingo Günther (musikk), 
Torsten König (lys), Sabrina Zwach (dramaturgi). Skuespillere: Florian Anderer, Matthias Buss, Werner Eng, 
Ingo Günther, Jonas Hien, Simon Jensen, 
Wolfram Koch, Annika Meier, Anne Ratte- 
Polle, Bastian Reiber, Stefan Staudinger og 
Axel Wandtke.

  • Veien til Mekka

    DNS Teaterkjelleren

  • NR. 1

    1 2 3 4 5 6

    Olaug Risting Stemrud, Nora Austad Sværen, Rikke Iversen, Andrea Sørum, Hans Olav Ingholm, David Vekony, Jon Trygve Hegnar, Aksel Lande Mjøen

  • Rett fra skrumpleveren

    1 2 3 4 5 6

    Marit Voldsæter

  • «Reksten - Firmaets mann»

    DNS' historie om Hilmar Reksten er ikke noe gubben på Fjøsanger ville satt pris på, men hos det store publikum tror jeg dette går rett hjem.