• LYSSVERD: Det vonde (Ray Park) og det gode (Ewan McGregor) krasjar saman i kamp for galaksen.

    FOTO: FILMWEB

Lommebokfyll for Lucas

Romkampen har sine lyspunkt, men stort sett er det ein unødvendig gest.

1 2 3 4 5 6
«Star Wars: Episode I – Den Skjulte Trussel»

Då var det i gang. I januar kom «Løvenes Konge» i gjenfødt 3D-versjon, «Titanic» kjem i 3D i april, og denne veka dukkar altså «Star Wars» opp igjen med ein sårt etterlengta dimensjon. 2012 vert kanskje ikkje året då verda går under, men litt apokalyptisk kjennest det like vel.

I «Star Wars: Episode I – Den Skjulte Trussel» spelar blokadar av handelsruter og intergalaktisk politikk ein stor rolle. Jediriddarane Obi-Wan (Ewan McGregor) og Qui-Gon (Liam Neeson) vert sendt til planeten Naboo for å forhandle i den byråkratiske stampen. Ikkje det mest interessante utgangspunktet, kanskje. Men det er ikkje så farleg, så lenge me får sjå lyssverd og kule robotar! Eller?

På flukt frå Handelsføderasjonen må jediane og dronninga av Naboo (Natalie Portman) lande på planeten Tatooine for å bunkre om. Der møter dei ein ung gut med jedi-liknande refleksar (Jake Lloyd) som er ein rakker på podracing – den lokale motorsporten.

Regissør George Lucas har fått mykje kjeft for denne filmen og dei to følgjande. Noko av det er nok ufortent syt frå fanboys (som meg), anna kritikk føler eg er velplassert. Eit mykje gjenteke argument er at han burde ha gitt registolen til nokon andre. Historisk sett har universet Lucas har skapt fungert best når nokon andre har hatt regien, og det same gjeld her. Skodespelarprestasjonane er varierande. Noko av replikkgivninga kan sikkert skuldast kulturforskjellar (kven veit korleis romvesen snakkar?), men at Jake Lloyd har fått eit så tung rolle på sine unge skuldrer var nok eit feilval. Kanskje rollefiguren hans burde ha vore litt eldre?

Dei gode delane av filmen er derimot framleis bra. Den avsluttande lyssverdkampen er spektakulær, om enn litt overkoreografert. Podracing-scenene er like fartsfylte som i 1999.

Og der ligg litt av problemet. For dette er i utgangspunktet den same filmen som kom på kino i 1999, men med 3D-effektar lagt på. Effektane er gjort av stødige Industrial Light & Magic, og er vel gjennomført. Men eg tykkjer ikkje det fortener ei nylansering på kino.

Eg kan derimot glede meg til at alle filmane kjem på kino fram mot 2016. Den einaste motivasjonen eg dermed kan tenkje meg for å sjå denne, er om du aldri har sett den på kino før. Elles er dette berre å gi bort pengane sine til George Lucas.

Enig med vår anmelder? Si din mening under!

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Debatten vil bli forhåndsmoderert

Siste fra Filmanmeldelser

En kriminell kopi

«The Raven»: Edgar Allan Poe brukes som påskudd til å lage middelmådig påskekrim

Masete

«Tor med hammeren»: Måtte Tor sende lyn og torden over disse filmskaperne.

Mest lest

Alexander Dale Oen er død

Den kjente svømmeren Alexander Dale Oen (26) fra Øygarden døde brått tirsdag morgen.

Denne hytten kan du få gratis!

Are Stensland gir bort denne hytten som står på Sotra. Det er bare en hake.

Gunnar ble lagt i jern ved Bybanen

Gunnar Aasbø skulle hjem fra byen, og skulle betale med KontantSkyss-kortet sitt. Vekterne nektet. Det endte med at han ble påsatt håndjern og tatt med av politiet.

Kjent bergensmusiker savnet

Per Kristian Slåttli er savnet etter at han ble borte sent mandag kveld. Han er medlem i et av Bergens mest kjente og respekterte band.

Denne sjåføren glemte noe viktig

- Da jeg fløytet på henne, vinket hun så fint tilbake, sier Anders Rolland som kjørte bak boss-spannsjåføren.

TEGNESERIER